Gå til innhald

Kveld i København

april 15, 2014

image

Sist eg var her var byen pynta til jul. Nå er han pynta til påske, Her er ein av påskedekorasjonane frå utstillingsvinduet på Illum. I gatene er det gatemusikantar og diverse variantar av gullmenn og andre statuemennesker. Det luktar godt av pølser, brente mandlar og store crepes frå bodene der folk står og steiker diverse godsaker, og det skal ganske mykje til for å oppføra seg så eksentrisk at ein verkeleg blir lagt merke til i gatebiletet. Turistgrupper med runde hjelmer kjem forbi, lett vinglande på kvar sin segway. Frå dei mange kyrkjene høyrest klokkespel og timeslag.

Midt i gata går ei godt vaksen dame med langt hår, eit fortvila blikk og eit ballettliknande antrekk. Ho hyler til når ho dunker borti folk og ser svært forvirra ut. Ei anna dame går midt i gata og snakkar høgt og opphissa. Eg kikkar bort for å sjå om ho har headset og telefon på seg. Det har ho ikkje. Ein ung far småspring gjennom gata med ein fireåring på akslene. «Nu skal jeg lige spise deg,» seier han med låg trollet-under-brua stemme. Barnet på skuldrene hans hyler av fryd.

image

I kveld har me ete middag saman med Anne Mette og familien på ein mexicansk restaurant. Til forrett hadde me maiskolbe med kryddersmør og nachos av tørka bananer. Hovedrettane var burritos med ris, svarte bønner, guacemole og ost, og tacochips med reker eller kjøtt på. Forrettane var aller best. Dei smakte nydeleg. Kanskje dette er autentisk meksikansk mat? Det me kjenner best til er den meir amerikanske tex- mex- maten.

image

image

Det blei ein veldig koseleg kveld, og snart er det farvel til København for denne gongen. Så dagane går…

image

image

På denne geniale veggen laga med klaffar tett i tett, som er svarte på den eine sida og fargesterke på den andre, skriva inn ord om liva sine eller kva anna som måtte falla dei inn. Der får dei stå til nestemann kjem og endrar på dei, – om to minutt eller om to dagar.

image

Eg likar ordet til venstre skrive i oransje.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: