Gå til innhald

Men i all verda… At det går an…

april 19, 2014

Det viste seg at eg hadde limt inn feil tekst då eg kom med den endelege varianten av Salme frå Jæren. Det eg limte inn var den første versjonen. Så til de som nettopp har lese, ver gilde og les denne og…

13893238663_a635a83b19_b
Salme frå Jæren

Havet dansar, stormen rasar,
bølgjeslag er puls og takt.
Trea bøyer seg og teier,
trassar storm og overmakt.
Vind frå vest og vind frå nord,
ropar om at Gud er stor,
alle ville krefter syng nå
om hans skaparkraft på jord.

Regnet piskar, dryp og sildrar,
alt blir døypt og nytt og vått,
vatnet samlar seg i mørket,
ligg og voggar tungt og rått.
Himmel tøyer seg mot hav,
alt det gode Herren gav,
blir som nytt når veret vaskar
angst og støv og hovmod av.

Måkar skrik mot lange strender,
viper kjem med lengt om vår,
havet slår mot sand og steinar
bankar ømt mot draum og sår:
Nye tider skal me få,
me skal elska, leva, sjå
vera trygge midt i vinden,
han som spelar for oss nå.

Sommarvindar stryk om jorda,
kjælar blidt med gras og strå,
trea raslar lette rytmar,
grønt i sommarspelet nå.
Vind frå aust og vind frå sør
dansar mjukt som aldri før
kviskrar lågt i moll for jorda,
der kor bare føter trør.

Når ein dag med gule åkrar
mogne raunbær, haust og lyng,
me skal møta siste kvelden
medan nordavinden syng,
skal me takka før me går
deg som gav oss dag og år,
takka deg som signar livet,
skapar oss til haust og vår.

Heidi

2 kommentarar
  1. calle permalink

    Som alt nemnt. Salmen er suveren, men eg tykkjer siste lina skal fylgja opp takkinga og difor vil vera betre med «takka deg for haust og vår». Då får du tre gonger takk i siste bolken, det kling fonetisk bra, ei kjensle av bokstavrim og ein naturleg avdempa utgang… God påske!

    • Det skal eg tenkja over,Calle, det kan godt vera du har rett. Som du ser så har eg endra på utgangen i første strofa etter tankane frå deg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: