Gå til innhald

Påskeaften i Stavanger

april 20, 2014

13937135264_4bafbae130_b

Påskeaften kom med like fantastisk fint vårver som langfredag. Me bestemte oss for å ta ein kosetur til Stavanger. Der var våren komen endå lenger enn her heime, kanskje fordi det er lunare der?

13937151184_6cdd9c2bbf_b

I Breiavatnet var det stor aktivitet med mange våryre fuglar. Ein av dei hadde slått seg til på flosshatten til Aleksander borte på torget. Det er sikkert fin utsikt der oppe i frå.

13937146144_377d9a6eeb_b

Og på dei raraste stadane kan ein bli minna om viktige bodskap både i påsketida og elles. Er det nokon som veit korleis det kan ha seg med denne plaketten?

13937914613_f736b7bafb_b

Og nå vil dei observante leggja merke til at billedkvaliteten går ned, for her kjem det nokre bilete knipsa med min i-phone… Dei øverste er tekne med fotografen min sitt superutstyr…

image

image

Men eg hadde lyst til å visa kor grønt det faktisk har blitt, og kor fargerik og fin by me har…

image

image

image

image

image

Til ein skikkeleg kosetur høyrer eit kafebesøk… For mitt vedkomande innebar det deilig ostetallerken og varm te på ostehuset.

image

Og sidan mine vaksne ungar påstår at dei ikkje er blitt for gamle til påskeegg, så måtte eg kjøpa litt påskeeggfyll. Denne gongen har eg heva standarden frå billigvarianten på eurospar til å fylla litt opp frå den eksklusive godteributikken «Dropsen». Eg trur faktisk aldri eg har kjøpt noko der før, men det var ikkje noko å seia på utvalet…

image

image

Og heime venta det og ein fyr med sjokoladesmil… Det er godt at ein påskeferie bare varer ei begrensa tid…

image

Så bar det heim til litt baking i full fart før me åt nydeleg påskelam hos Astrid og Jon saman med ein gjeng veldig hyggelege menneske. For ein fin påskeaften.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: