Sverre og ein tur i førsteklasse
Eg har vore hos Ingrid som allereie har kome godt i gang med biletboka si om firfisla Sverre som jobbar som pengeteljar i ein bank. I banken er det stort sett to kategoriar med tilsette, pengeteljarane, som sit på kvart sitt kontor og helst vil vera i fred, men som gjerne jobbar overtid, og kaklehønene som kaklar ustanseleg og som driv kundebehandling når dei har tid sånn innimellom. Den gamle mora til Sverre har eit hvelv med pengar som ho har grafsa til seg i ulike arveoppgjer. Den største skrekken hennar er at Sverre skal døy utan etterkomarar, slik at arven etter henne går til veldedige formål. Ho har sett seg i hovudet å finna ei dame til Sverre, noko han ikkje har nokon som helst interesse av…
Biletet øverst er ein datateikning, men bileta i biletbok skal truleg handteiknast og malast med akvarellteikningar.
Det blir spennande å fylgja med på utviklinga. Nå skal ho laga ca 35 teikningr til teksten ho har laga, og i tilleg skal ho skriva ei stor oppgåve rundt boka. Ho vil mellom anna prøva å finna ut om det er rom for biletbøker på mellomtrinnet? Har me lærarar og andre vaksne ei oppfatning av at biletbøker bare passar for små barn? Det er i så fall litt paradoksalt så lenge det vert laga teikneserier der tenåringar og vaksne er målgruppa.
Elles har me vore på tur med første klasse i dag. Me var heime hos ein kollega av meg. Ungane har fått halda kyllingar og kaninar, dei har klappa lam og kjørd med hest og kjerre. I tillegg har dei fått lov å prøvesitja førarsetet i ein traktor og fått leika hest framfor kjerra. Dei har klatra og sprunge leika og ledd. Me torde ikkje anna enn å ta totalforbodet mot open eld på alvor, så me torde ikkje tenna opp verken bålpanne eller grill. I staden vart pølsene kokte i ei stor gryte og så vart det steikt lappar utandørs på ei stor takke.
Kanskje ikkje rart at nokon sovna på bussen heim att, og så fint for oss at restane av aprilsommaren framleis hang i.
Heidi