Gå til innhald

Første mai

mai 1, 2014

image

Då eg var lita, visste eg tidleg at i mai var det to heilt spesielle høgtidsdagar, første mai og syttande mai. Det var først mange år seinare eg oppdaga at for veldig mange andre menneske var første mai ein dag for hagearbeid og ikkje så mykje meir. Dei siste åra har det blitt lite med politiske markeringar. Solidaritet er likevel eit av dei flottaste orda eg veit, og viss første mai i endå større grad hadde vore ein dag der ein markerte solidaritet med dei aller svakaste både her i landet og i verdssamfunnet, så hadde eg kanskje følt meg inspirert og forplikta til å gjera meir ut av dagen. Då dei to heimebuande barna meinte at me i det minste måtte markera dagen med å setja ut verandaflagget, så hadde eg ingen innvendingar. Eg var vel heller litt stolt av at dei hadde lyst til det.

image

Sidan mai er den månaden eg i mange år verkeleg har gått inn for å blogga dagleg, så måtte eg lesa meg bakover i arkivet mitt. Årstider og månadar er som opne rom me går inn i når dørene opnar seg. Nå er me inne i det romet som heiter mai, og som er eit rom eg er oppriktig glad i. Av arkivet ser eg at det kanskje er det året våren er tidlegast i løpet av dei ti åra eg har skrive blogg. Det er ikkje ofte kirsebærtreet blømer på denne måten alt i mai.

Og dagen er av det solfylte slaget som gjer seg godt på bilete, men ute er det kald nordavind. Eg tok med meg Odd Christian ut for å øvekjøra langs havet. Me var ute i mest to timar. Eg sa til han at eg mest ikkje kunne tenkja meg nokon plass i verda der det er så vakkert som akkurat her. Han påsto at han kunne tenkja seg ganske mange… Kanskje eg er i ferd til å utvikla meg til lokal nasjonalfanatikar. Det høyrest bortimot litt skummelt ut…

image

Om kvelden vart me budne bort til Arne og Hilde til årets første grillkveld. Med ullgenserar under jakkane og varme teppe rundt oss, gjekk det godt å sitja ute i opptil fleire timar. Me varma oss på grillen og etterkvart på varm kaffi og nydeleg varm rabarbrapai med is. Etterpå gjekk me ein kveldstur for å få varmen i oss att.

Nå har me hatt litt filmkveld i heimen og Sunniva har ommøblert på romet sitt. Ho avslutta med å finna eit par solbriller ho har leitt etter lenge. Eg nyt å ha henne og Halvard heime denne våren. Snart ventar nye kapittel i liva deira. Og først av alt ventar heile mai, juni, juli, august og september på oss, med andre ord favorittårstidene mine. Det kjennest litt på same måten som når ein går litt sliten heim frå jobb med den gode kjensla at nå har ein ei ubrukt langhelg i vente. Ha ein god maimånad, alle saman.

Sunniva fotomodell

Heilt til slutt måtte eg bare dela dette fine biletet av Sunniva som er staila, frisert og fotografert av Aleksandra og Victoria Bergort. Dei trong modellar for å visa fram frisyre og make-up.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: