Skip to content

Hurra for kulturskulen

mai 10, 2014

14123664476_6f33a4cedd_b

Akkurat nå har eg bare ein tiprosents stilling i Time kulturskule. Det er likevel ein skule eg identifiserere meg med og er stolt over å jobba i. I går var me på uteforestilling og såg «Storbonden Lear», og det vart ei flott forestilling. Den første forestillinga hadde frå ende til annan foregått i øsande regnver. Me såg den andre forestillinga, då regna det mest ikkje i det heile tatt. Ingen kulisser er finare enn dei ein finn ute i naturen i mai. Desse jentene dansar dødsscenen i stykket, sterk og flott scene.

13960167467_63ae7c72d4_b

Etter at bonden hadde angra på dødsleiet, døydde han før noko var blitt formalisert. Intrigene løyste seg heldigvis på beste måten etterpå, og glade bønder kunne kasta huvene sine opp i lufta i begeistring.

14151200465_d28b69b5e4_b

På vegen heim måtte me fotografera desse flotte sauene. Dei går alle i same retning utan særleg grad av refleksjon. Det er nok ikkje for ingenting ein snakkar om saueflokkmentalitet.

I dag var det min tur til å vera i kulturskulen sin teneste, men før det starta eg dagen med å drikka morgonkaffi med Torhild. Det var veldig triveleg, så det kan me godt gjera fleire gonger. Litt vel travle damer kan trenga fleksible løysingar. I går vart Torhild si løysing då me samanlikna helgeplanane våre: «Men me kan jo drikka morgonkaffi hos deg lørdag morgon…» Og slik vart det.

Så tok eg med meg dei sju flotte skriveelevane mine og reiste på skrivetur til Egersund med toget.

image

I Egersund møtte me denne trivelege fyren med lang heimestrikka genser. Det er ein veldig fin stad å dra på tur til, ikkje bare er det ein koseleg by som ligg bare ein halvtime unna med tog, men det er og ein stad elevane sjeldan besøkjer.

På skriveturar er det slik at elevane blir utstyrde med skriveblokk, blyantar og mange oppgåver dei skal jobba med på turen. Ei av oppgåvene er å laga ein togtekst der dei skildrar det dei ser frå toget. Sidan eg ikkje har spurd dei om lov til å bruka tekstane deira, kan eg bruka min eigen…

Maitekst frå toget.

Nærbø første,
og lønna står grøn,
kvitmalte hus og grøne marker
med store tre.

Snart havet sjølv
ute i horisonten,
med lette støvskyer
over den svarte overflata.

Desse eldgamle jernbanesvillene
og alle steingardane
gjev ly til mette lam
som har lagt seg ned i graset
langt frå mor si.

Neste stasjon er Varhaug
med hestablomar langs perrongen.
Ein mann går av toget
i vindjakke
med sommarblomar i ein papirpose.
Folk kikkar byfint ned på oss
frå fornemme glasverandaar,
før me passerer kvitblømande plommetre.

Måkane leitar med lange nebb
i svarte åkrar,
som snart byter plass
med grøne tjelver
der kyrne ligg
med jura tungt mot graset.
Ute på den mørkeblå stripa
vogger store skip
medan steingardana
lagar rutemønster i grått
mot alt det grøne
mot alt det framleis gulbleike.

Vigrestad neste,
og dørene lukkes,
dei første blå lupinane,
Jernbaneblomar
frå jernbanen sin barndom
og store steinete marker
slike som forfedrene våre,
alle småbønder og slitarar
brukte ryggen opp
på å henta ut av jorda
kvar vår
og laga enkle og doble steinardar.

Før dei gjekk heim
til kvitmalte små forblåate hus
og sleit med å dyrka jord
av lyngheier og sand.

På Brusand opnar
sanddynelandskapet seg
og alle dei runde knausane
og berga.
Medan stasjonsbygningen
inviterer til å besøkja
frisørhjørnet,
massasje og aromaterapi.

Det er nok kanskje ikkje dit
dei skal
desse mennene
som kjem av toget,
og stoppar litt
for å dra glidelåsane opp
i vindjakkane sine..

Fleire og blåare lupinar,
og den gamle steinbrua på Ogna.
Blondeskyer
og frisk vind
frå badehandkle
som driv som stolte segl
frå klessnorene på campingplassen
i konkurranse med muntre vimplar
i norske fargar.

Dørene lukkes
og gamle stolpar
står att aleine
for kor vart alle
telefonstolpane av.
Desse står værbitte
og sprukne
meir enn middelaldrande
heilt sikkert
og lengtar etter tjøre.

Store podlar
med saltvatn og brakkvatn
speglar himmelen
og på Sirevåg
har dei stasjon med søylar
mest som i meir kontinentale strøk.

Rosa Ragusa med grøne blad
framleis utan blomar,
men kvitveisen blømer
på Sirevåg
Og sola blenkjer.

For ikkje å snakka om Hellvik
kvitt i kvitt av kvitveis.
Kulpar og tunnellar
og kvite segl der ute.

Neste stasjon er Egersund.
Dette er togets endestasjon.

Heidi

image

image

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: