Skip to content

Vårsull

mai 15, 2014

image

Vårsull

Vinden kjem med bod om vår,
bårer slår mot strender.
Månen kikkar fram og ser
mine opne hender.
Snart blir lyset sommarkvitt,
snart skal barneføter
dansa lett i nyslått gras
over mold og røter.

Bjørka står med grøne blad,
tung av krydderange.
Natta kjem med tunge steg,
tankane blir mange.
Epletreet blømer kvitt,
voggar lått og tåre.
Tonar syng i dur og moll
om alt som har vore.

Takk for alt som var og er,
takk for draum og sansar,
Takk for år som kom og gjekk,
takk for vind som dansar.
Takk for dei som ein gong var,
dei som nå skal kvila.
Takk for dei som eingong ser
nye vårar smila.

Heidi

 

Syrinane blømer. Dei luktar sterkt og parfymert slik syriner skal. Eg måtte heilt bort for å lukta. Om kvelden når den lette kveldsdisen kjem er lufta full av alt som luktar av vår og nesten sommar, bjørk, gras, jord og syrinar. Hettemåker flyg skrikande opp i store flokkar når me nærmar oss hekkeplassen, og måkeskrika blandar seg med lyden av sauebjøllar og av lam som ropar på mor si. Eit kvarters spasertur frå der me bur kan me vera både midt i byen og langt ute på landet alt etter kva lei ein styrer føtene mot. Plutseleg nå i kveld var det store svermar av mygg, eller kanskje det var knott nede ved tjødna. Det er vel og eit slags teikn på sommar. Kirsebærtreet er så godt som avblomstra og om eit par vekers tid har ein vår gått over i forsommaren. Og så gjeld det å finna fram sommarsjela si utan å grubla for mykje på kor våren vart av. Det er flyktig dette livet.

I går sat me seks damer her i stova og prøvde å skriva livet ned. I alle fall deler av det. Etterpå drakk me varm te og åt rabarbrapai og knekkebrød med ost. Det var fint.

Heidi

 

From → blomar, Jæren, Natur, våren

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: