Gå til innhald

Med ögon känsliga för grönt

mai 19, 2014

image

 

I går, eller kanskje det var dagen før, stod eg på kjøkkenet og jobba med mitt. Radioen stod på, sannsynlegvis på P2, som han som regel brukar å gjera. Då høyrde eg ein song, eg aldri kan hugsa å ha høyrd før. Både tekst og melodi traff meg midt i hjartet, og eg måtte skunda meg å skriva ned litt av teksten, slik at eg kunne finna han att på nettet. Eg kan ikkje hugsa å ha høyrd om Barbro Hörberg før.  Det eg høyrde minde om Monica Zetterlund, som eg oppdaga på radioen for mange år sidan. Slik er teksten på songen eg høyrde. Eg kjenner at eg må inn og høyra på meir av det ho har laga.

Och tänk på parken
på våren
Med ögon känsliga för grönt
Och kastanjeblad som paraplyer
Och våra händer känsliga för allt som är skönt.

Vi vek en duva av papper
I vinden seglade den långt
Och den landade på en staty som
Fick ändra alla orden i sin sång.

Det regnade men bilderna blev bra
Det var ett egendomligt ljus den dan
Vi fyllde våra ögon
Med ljuset och tankarna på allt det nya

Och tänk på parken
på våren
Med ögon känsliga för grönt
Och kastanjeblad som paraplyer
Jag älskade dej då, det gör jag nu

Babro Hörberg

 

Eg legg med lenka til youtube og. I dag fekk me dei to eksemplara av Ingrid si bok om firfisla Sverre. Det er alltid spennande å sjå eit manus bli til bok. Sjølv får ho ikkje oppleva akkurat det før ho kjem heim frå New York.
I dag har me feira Sunniva litt, ho er tjueein år i dag, og altså myndig etter alle nye og gamle målemerke. Om kvelden gjekk ho ut for å feira med venninner. Eg har sitte i nesten fire timar og skrive inn tekstane frå skapande skriving. Det skal bli bok det og.
Tekstane er fine og litt rare og skakke. På ein måte trur eg dei fortel meir enn det dei som har skrive dei sjølv forstår. Eg tillet meg å låna den aller siste teksten eg har skrive inn, men sidan forfattaren ikkje har fått vita om det, skal ho få vera anonym.

Togtekst

Det er stille på toget.
Heilt bom stille.

Då plutseleg opnar dørene seg,
og Michael Jacksom kjem inn.
Han dansar disco.
Han syng songane sine.

Alle reiser seg opp
og begynner å dansa.

Når toget stoppar
på Hellvik stasjon,
dansar Michael Jackson
ut av toget.

Det blir bom stille igjen.

Nå håpar eg at skrivaren min er meg vennleg, for nå vil eg mest av alt skriva ut dei hundre sidene utan tekniske problem, slik at eg kan ta kvelden inn for landing…

Heidi

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: