Gå til innhald

Dette har eg gleda meg til.

mai 22, 2014

image I frisk sønnavind, nesten blå himmel og deilig sommarvarme, så har eg fått med meg meg sjølv og bagasjen min inn på Oslotoget. Akkurat nå ventar me på eit møtande tog sør for Vigrestad ein plass. Eg har verkeleg gleda meg til ein avslappende togtur med bøker og andre kjekke ting, nå ventar eg på at konduktøren skal gje meg billetten min, så vil eg prøva å finna eil ledig plass i restaurantvogna. Eg har fått eit slikt sete som står mot kjøreretningen og ikkje kan snuast, så eg vil gjerne sitja rett veg ei stund. I Kristiansand ordnar det seg jo av seg sjølv…   image   Så her sit eg nå med litt forblåst hår og utflytende mascara, så vidt eg kan sjå, like under nødbremsen og har det triveleg. Me kjører forbi dei runde knausane på Ogna og sola blenker så fint i vannflata. Og der forsvann Internett, men det er midlertidig tilbake att. Me er på Moi stasjon. Her veks det syriner. Eg hadde sett feil på billetten og har nå fått eit sete rett vei. Eg har ete spinatpai og eit grønt eple. Dei søte damene i restaurantvogna var fortvila fordi kortterminalen ikkje virka. Heldigvis kom eg på at det låg ein femhundrelapp i lommeboka. Litt fortvila for svoltne medpassasjerer utan kontanter…  Sira neste stopp. Eg får prøva å lagra før nettet forsvinn att, men nå kjører me inn i ein tunnel, så kanskje det er for seint allereie…

Vennesla nå. Eg har lese ein antologi frå forfattarlinja på Danvik folkehøgskole, der Silje har gått i år. Veldig fint. Så har eg viss småduppa litt innimellom og. Medan dei snudde stearinlys Kristiansand, så fekk eg ein telefon frå Alf Kjetil Walgermo i Vårt Land om å vera med på ein diktantologi med utgangspunkt i den nye bibelomsetjinga. Min tildelte del av prosjektet var nokre vers frå femte Mosebok som innleiar med den gamle jødiske trusvedkjenninga:» Høyr Israel Herren er ein… Og sluttar med at ein skal binda desse orda rundt handledda og skriva dei på dørstolpane. Det er faktisk ein tekst eg la merke til då eg las han for ikkje så lenge sidan.

Telefonsamtalen vart innleia med spørsmålet om han hadde kome fram til forfattaren Heidi Strand Harboe. Eg er ikkje meir bevandra med den slags titlar enn at eg nesten blir litt satt ut og nesten litt fnisete. Det var nå eit spennande spørsmål å få i alle fall. Eg fekk ikkje veldig lang tid på meg, men eit eller anna skal eg vel få til. Dekninga på toget er veldig av og på, det blir å skriva litt, mista litt, få lagra det viktigste og la det stå til… Må leggja dette ut før eg mistar det igjen.

Heidi

From → Reiser

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: