Gå til innhald

Sol sig- sol stig…

mai 24, 2014

image

imageGårsdagen vart svært rik på hendingar. For min del kjendest det som om det var den aller første sommerdager. Varmen låg som eit teppe over oss og nesten heilt plutseleg står det meste i bløming.

Ut på ettermiddagen tok me trikken ned til byen. Det begynte å regna noko heftig. Eg hadde stappa ei lett regnkåpe ned i nettet og Eva Mari måtte kjøpa seg ein paraply med stjerner på. Gatene dampa i varmen. Då det letta litt var me på blomstertorget. Der møtte me eit spansk par som gjerne ville fotograferast, og me gjennomførde noko som kunne minna om  ein samtale på svært stotrande spansk frå vår side. Eg måtte fotografera Eva Mari og dei andre fine blomane.

imageMe hadde bestilt bord på den indiske restauranten Jaipur, der me visste at dei hadde kjempegod mat, men først var eg innom og kjøpte litt sommarklede sidan eg ikkje hadde forstått at det var det eg kom til å trengs denne helga. Her er me på Jaipur.

image

 

Sidan an det ikkje er kvar dag me feirer ein gebursdag, bestemte me oss for å prøva ein trerettars meny, bestilla kvar vår variant, og dela rettane. Her er forretten med scampi og løkbollar, som smakte heilt nydeleg. Etter å ha avrunda måltidet med kaffi og indisk iskrem, var me stappmette, så trerettars indisk treng nok ikkje å bli ein alt for fast vane, men godt var det.

Så gjekk vegen vår til » Det norske teateret», der me hadde billettar på  «Spelemann på taket», eit stykke eg har vore betatt av heilt sidan eg såg Lasse Kolstad som Tevje i fjernsynet ein gong på syttitallet.

image

Det var så vakkert. Eg tørka litt tårer då Hazel og Motel stod under Baldakinen og vart via mot alle odds, og ein overlukkeleg Motel knuste glaset på foten etter at den gamle rabbinaren med stor møte hadde klart å leggja det på bakken og alle stod rundt med tende faklar og song Mazel tow, og den songen som eg hugsar best teksten på på engelsk:

Is this the little girl I carried, is this the little boy at play? I don’t remember getting older, day by day. When did she grow to be a beauty, when did he grow to be that tall? Wasn’t it yesterday that they were born?

Sunrise, sunset, sunrise, sunset, swiftly flyes the years, each seson following the other, laden with happyness and tears.

Eg såg Tevje og Golde stå saman og synga til dottera som stod der og var brur, og forstod med alle kjensler kva det handla om. At foreldra skal stå med tende faklar og synga duett for Ingrid og Oddvar om eit års tid, er vel kanskje ikkje truleg, men feira skal me, og det slo meg kor viktige rituale er i eit menneskeliv, og at me nok alle har denne spelemannen på taket som delvis går framfor oss og delvis bak oss langs vegen.

På slutten av andre akt, stussa eg litt på at dei verkeleg fekk lov til heilt fysisk å setja fyr på husa på scenen. Eg tenkte på brannfaren og på me som skulle evakuerast frå tredje etasje. Midt i andre økt, då russerne kom for å fortelja jødane at dei måtte flytta frå landsbyen, gjekk det plutseleg ein alarm. Eg trudde først det var ein lydeffekt, men så sa plutseleg skodespelaren på scenen midt i ein replikk: Nå går brannalarmen! Det vart opplyst over høgtalar at brannalarmen var utløyst og at folk måtte forlata salen, og at folk måtte gå roleg og ikkje få panikk. Eg sat nærast døra, og var raskt på beina, eg fekk opna døra ut til gangen, som var stengd, og kjende kanskje eit ørlite tilløp til panikk, då eg først ikkje fann ut korleis ho skulle opnast, men så kom alle seg fint og pynteleg ut på gata, sjølv om det tok tid å tømme den store bygningen. Heilt proft, og heilt sikkert etter innøvde rutiner, så stod det ansatte der i gule vestar og viste kor me skulle gå.

imageMe vart ståande saman med skodespelarane. Dei var veldig hyggelege og veldig fint teatersminka.

imageSå kom det to brannbilar, og brannmenn i fullt utstyr gjekk inn, og kunne heldigvis konstatera at det var røykeffektane frå scenen som hadde utløyst alarmen. Alle gjekk inn att, skodespelarane fortsette der dei slapp , og avslutta stykket til velfortent ståande applaus. Akkurat som mannen frå Bjerkreim som fekk ja på spørsmålet » Æ der nåden i frå Bjerkrei her?» og begeistra kunne hoia til dei:  «He me det ikkje gildt?», så kunne eg heldigvis dela denne opplevinga med Reidun og Ola frå Bryne…

Det regna og var mørkt då me reiste heim saman med ein fullstappa trikk med Bærumsfolk som hadde vore ute på livet. Då me gjekk heim lukta det intenst av blomar slik det gjer ein mørk sommarkveld etter at det har regna.  Det lukta syriner og lukta av dei aller første sjasminane. Henrik hadde vore på tur og plukka liljekonvall.

image

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: