Skip to content

Vår ferd mot helhet

juni 22, 2014

Overskrifta er eit sitat. Eg kjem nærare tilbake til det lenger nede.

image

I følge ryktene, så var natta til i går den aller lengste i sommar. Sommarsolverv er anten den 21. eller den 22. juni alt etter kor me er i «Skotårssyklusen». Det er litt vemodig å tenkja på, men natta til i morgon kan umogleg vera mange minutt kortare, så framleis er me midt i midtsommarlyset. Nordvesten bles framleis sterkt og friskt, og på stranda hadde all laussanden blese vekk. Sjøen var kald og kvitskummande.

image

I går utanfor butikken, møtte eg ei dame som selde «Folk er folk». Eg kjøpte eit blad av henne. Då sa ho at ho var veldig svolten. Eg nølte litt, så gjekk eg inn i butikken og kjøpte litt mat til henne. Ho spurde om eg visste om ein plass der ho kunne få jobb, vaskejobb eller noko anna. Eg lova å seia i frå viss eg høyrde om noko… Eg veit det er veldig delte meiningar om korleis ein skal forhalda seg til tiggarar på gata. For oss er dette noko me tidlegare bare har møtt i storbyar og i utlandet. Eg kjenner meg utilpass og nesten litt audmjuka på deira vegne. Noko i meg vil helst lata som om eg ikkje ser.

Frå Charles Ringma si bok «Den indre rytmen»: Hva kommer det av at vi kan drive og gi våre småslanter uten å våge å se tiggerne i øynene? Svaret er smertelig klart: Tiggerne kan komme til å invitere oss til å flytte inn i deres verden… … Det vil komme en dag da det ikke lenger holder å gi gaver, da vi kalles til gjensidighet og vennskap… … Det betyr at vi skal ta tiggerne i hånden, at vi skal bryte brødet sammen og slå følge på vår ferd mot helhet. «.

Eg veit at det ikkje er enkle løysingar på tiggarproblematikken, men hjartestemmen min får meg til å tenkja at uansett kva ein måtte meina om systemisk tilnærming til tigging, så er dei medmenneske med rett på respekt. Eg har ikkje gjort noko som skulle tilseia at eg skulle bli fødd i rike Norge og ikkje inn i ein lutfattig Rom-familie, for eksempel i Romania.

image

Eg eg for min del har stort hus og råd til å kjøpa norske jordbær og ferske norske grønsakar, gulrøter, kålrabi og mai-neper. I dag vart det suppe til åtte personar med jordbær til dessert. Far kom med blomar til meg som han planta i krukker på verandaen.

image

Det er godt med romslege dagar med tid til tankane. Og forresten, eg anbefalar P2 til alle som har tid til å høyra på radio. Der er det mange tankevekkjande program, fin musikk, og mange flotte radiodokumentarar, rett og slett mykje til å bli klokare av.

For å omsetja overskrifta til nynorsk: Eg er oppteken av dette med ferda vår mot heilskap. Dei fleste av oss har vel eit ynskje om å kjenna at me er heile menneske. For meg er det ein befriande tanke at eg ikkje treng å gjera livet mitt til eit slags perfeksjonsprodukt for å vera heil. Eg kviler i å tenkja at eg er ein del av ein større heilskap, ei brikke i noko me er saman om.

Heidi

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: