Gå til innhald

Alt ein skal halda orden på

juni 26, 2014

Image

Sånn til dagleg er det mange ting eg ikkje har tid til. Dei siste månadane har vore så travle at det er ekstra mykje som har blitt verande ugjort. Nå prøver eg å bruka all min pedagogiske teft og erfaring på meg sjølv. Eg prøver å få meg til å tru at ferien heilt sikkert blir endå kjekkare viss eg får rydda på arbeidsromet, får vekk papirbunkene, får sortert klede, rydda vekk vintersko, luka eit bed som har stått urørt i fleire år, og gå inn på dei roma me mest ikkje brukar med støvsugar i den eine handa og ei vaskebøtte i den andre… Eg har vett nok til å ikkje dra det alt for langt med det same og nemna ting som overfylte og støvete bokhyller og klede i kassar i kjellaren som med fordel kunne sorterast med tanke på Fretex og tippen, og for å vera brutalt ærleg, få rydda unna koffertar, ryggsekkjer og øskjer med julepynt slik at eg i det heile tatt har sjanse til å koma bort til dei nemnde kassane med klede, som eg altså ikkje skal masa på meg sjølv om før det nærmar seg august eller noko slikt…

Litt om gongen, seier eg oppmuntrande til meg sjølv, eit par timars arbeid kvar dag… Så blir det tid til mange andre ting og… Det er jo så fint ute på denne årstida. Det er viktig å koma seg ut på tur og, og det er viktig å vera sosial… Og alt er så godt og rett, det er til og med viktig å skriva litt kvar dag, det er jo nå eg har tid til det, og ikkje minst er det viktig å slappa av med gode bøker… Nemnde eg at det er nå eg har tid til kvalitetstid med heimebuande og bortebuande barn når dei ikkje er opptekne med sommarjobbane sine? Og om ei vekes tid skal me på ferie… Om eg kjem til å få rydda i bokhyllene i sommar? Spør meg i september…

image

imageimage

 

image

Og så er det alltid ein fin himmel ein kan ta seg tid til å beundra…

image

Så lenge skuta kan gå, syng Erik Bye på radioen. Det har han heilt rett i. Og eg tøyer tålmodet mitt med å skriva medan nettet kjem og går og kjem igjen. Nå skal eg snart kosa meg med å lesa Dag Solstad sine uskrivne memoarer fordi eg ikkje treng å vakna med vekkerklokke, og derfor i teorien kan lesa meg gjennom heile sommarnatta i staden for å sova ho bort…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: