Skip to content

Mirakel – ei bok du bør lesa

juli 5, 2014

image

Eg kan ikkje dy meg for å koma med ei bokanbefaling og før eg gir meg i kveld. Boka over blir kategorisert som ungdomsbok, men eg meiner det er ei bok folk i alle aldrar kan lesa med stort utbytte. August er fødd med eit svært sjeldant syndrom som gjer at han er fødd med eit svært deformert ansikt, som best kan samanliknast med eit ansikt som er veldig øydelagdmav brannskader. Han opplever at andre barn kan reagera med redsel og avsky når dei ser han.

Fram til nå har August fått heimeundervisning, både for å beskytte han og fordi han har gjennomgått ei lang rekkje store og kompliserte plastiske operasjonar. Nå er tida komen for å begynna på skulen. I tillegg til alt det andre som er vanskeleg, opplever August at det finnest vaksne som ikkje ynskjer at han skal vera der. Mellom anna er det ei mor som redigerer han ut av klassebiletet fordi ho opplever at han øydelegg estetikken… Eg skal ikkje røpa meir enn at det er ei bok til å bli klokare av.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: