Gå til innhald

Ei og anna makrellsky…

juli 6, 2014

image

Eg koser meg i den danske sommarsola med å skriva endå ei sommarvise. Av ein eller annan grunn kan eg høyra Lars Lillo Stenberg syngja ho for meg, men den varianten forblir vel i fantasien min, er eg redd…

 

1.

Me tenkte ganske lenge på den sommaren som kom

og opna oss for alt me ikkje veit,

som lærde oss om slikt me enno ikkje heilt forstår,

før jord og hav og himmel blir til eitt.

 

2.

Ja, på den tida fantest bare sommarvind og sol,

og grashopper som spelte som besatt

om sommar, heilt til sola sokk i havet og forsvann,

og livet vart til fjørlett sommarnatta.

 

3.

For pakka inn i fuglesong og nyperoseslør,

og blåklokker og kløvereng og sand,

så kjende me at sommar var den bølgja som me trong,

som løfta oss og bar oss trygt mot land.

 

4. Vers med alternativ melodi/ refreng

For barføtte med håret fullt av salt og sand,

så såg me livet fødast heilt på ny.

Slik levde me på jordbær og på sommarregn,

og ei og anna makrellsky.

Heidi

 

image

 

 

From → sommar, Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: