Gå til innhald

Ventar på tora

juli 6, 2014

image





Eg må skunda meg å posta biletet av ein lukkeleg strandmops, for i dag har vêret vore over all forventning. Me har hatt sol over tjue grader heile dagen, men i dag har dei meld verskifte med regn og torever. Akkurat då eg skreiv dette begynte Tora å rulla, regnet vart skrudd på og dei to første lyna har blinke. Eg  må viss plukka med meg sandalar og handkle og koma meg inn… Akkurat nå kjennest regnet ganske deilig og  svalt.

Og så brakar det skikkeleg laus med fleire lyn på same tida. Eg prøvde å fotografera, men fekk det ikkje til.

image

Men så mørkt vart det på få minutt då uveret plutseleg kom. Eigentleg er det litt koseleg med torever så lenge ein er trygt inne i huset og kan kikka ut…

 

image

 

Heldigvis så rakk me å fullføra grillinga før verda vart mørk og våt. Huset me leier har ein stor flott uteplass med to grillar, tre bord, fleire solsenger, dissestativ og sandkasse. Landskapet her er spesielt. Me er i ein stor skog der det ligg mange sommarhus, samtidig er me i eit slags strandlanskap med marehalm og sandkuler, med nyperosekratt, krekling og mikkelsbær. Eg og Leif tok med oss Oscar og gjekk ein tur i føremiddag. Etter å ha gått i ca eit kvarter kom me ned til havet der me kunne gå eit stykke på ei smal sandstripe. Han hadde med seg kamera, og eg trur han tok nokre fine bilete, men dei er ikkje gjort klare til mitt bruk endå. Det er veldig vakkert her.

På butikken i dag fann eg nokre små kartongar med påskrifta » Lag din egen soft -ice.» Det fekk eg lyst til å prøva på. Innhaldet  var litt vaniljesausaktig, og skulle piskast til krem. Det tok litt tid sidan eg ikkje fann miksar, og måtte piskast for hand.

image

Så skulle det frysast i tre og ein halv time, tinast i tre minutt og piskast opp igjen. Resultatet blei ganske godt. Eg har ikkje sett slike kartongar i Norge, og det er kanskje like godt, for freistinga kunne lett blitt stor.

Ingrid ville kjøpa seg garn på superbrugsen for å strikken seg opp litt før karrieren som lærar i kunst og handverk. Ei dansk dame kom bort til henne og sa noko på tysk. Ingrid smilte og svarte at ho snakka norsk. » Norsk?» spurde dama. » Eh do you speak English?» Då Ingrid bekrefta det, forklarde ho på litt stotrande engelsk at det var ein fin strikkebutikk litt lenger nede i gata. «Eh, where in Norway do you come from?» Då me for lettvintheits skuld svara » Not far from Stavanger,» fortalde ho oss begeistra at der hadde ho vore innom med båt på veg til Bergen. Ho leita veldig etter dei engelske orda, og då ho oversette samtalen til dottera hadde me ingen som helst problem med å forstå alt ho sa. Kva er denne merkelege greia med at danskar stadig vekk insistere på å kommunisera på engelsk? Det må vera fordi dei ikkje forstår norsk, og det er litt merkeleg sidan me forstår dansk nesten heil utan problem.

I ettermiddag var me på stranda og bada. Det var ei veldig brei strand der folk kjørte bilane sine på sjølve sandstranda nesten heilt ned til havkanten. Me kunne ikkje teknikken, og vart sitjande fast med bilen i våt laussand. Odd Christian og eg som var passasjerar, fekk hjelp til dyttinga av ein hjelpsom danske, og så ordna det seg. Sjøen hadde god temperatur, sikkert atten grader. Eg hugsa plutseleg kor kjekt det er å bada, og hadde nesten ikkje lyst til å gå på land att. Det ser veldig fint ut å sykla her på Rømø. Kanskje me leiger syklar. Avstandene er litt for lange når ein går til fots, men med sykkel ville ein nådd ganske langt.

Naturen her er kjempefin. I går kveld kjørte eg og jentene ein tur på øya for å leita etter ein open butikk. Plutseleg sprang det ein rev over veien. Han vart ståande på eit jorde og kikka på oss. Eg prøvde å finna fram mobilen i full fart for å fotografera, men før eg kom så langt tok han beina fatt og forsvann like brått som han kom. Eg blir kjempefascinert kvar gong eg møter ville dyr heilt plutseleg ute i naturen.

image

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: