Desse sommardagane me drøymer om heile året
Så heldige me er. Det varsla veromslaget slo ikkje til, og me har hatt ein til av desse sommardagane me drøymer om heile året. Gutane ville bruka dagen til ein lang runde til ein golfbane i nærleiken. Eg og jentene fann ut at me ville starta dagen med ein tur til eit butikkområde like ved stranda me var på i går.
Der fann eg meg jammen ein knallgul sydvest. Eg har drøymt om å skaffa meg sydvest dei siste tre åra på utallige turar med mange små barn i høljeregn. Dei som har måtte snu mykje på hovudet for å passa på unger på lange rekkjer i regn, veit at ei regnjakkehette bokstaveleg talt har sine begrensninger. » Den var vel fin?», seier eg til dei vaksne barna mine. » Ja, viss du synest det er ok å bli sett på som ein original, mor…» Ok, det får eg vel heller leva med. Nå er sydvesten min!
Eg hadde i grunnen ingen planar om å handla, men dei har jammen mykje fint i Danmark, så eg ende opp med både skjørt, kjole og joggesko i tillegg til sydvesten. Då eg såg denne utstillingsdokka stussa eg, men eg forstod først ikkje korfor…
Så gjekk det opp for meg at eg sannsynlegvis aldri har sett ei utstillingsdokka i størrelse 48 før, det er då noko ærleg med det… I Danmark ser eg at mange klær går høgt opp i størrelsane. Det er nokre av oss takknemlege for.
Etter dovne timar på ein liggestol i sola, og med god rødfarge på delar av kroppen, fann me ut at me ville gå ein tur i nabolaget. Det er fint her.
Og jammen vart det ikkje middag ute i dag og.
Nå ventar me på at mor og far skal koma om veldig kort tid. Dei har meld at dei er ankomme Rømø.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Reiser, sommar









