Gå til innhald

Syden på Bryne

juli 25, 2014

image

Ikkje verst å koma heim frå ferie og finna sydenvarmen heime. Visst var det varmt på turen og, men eg trur natta til i dag var den aller varmaste natta. For første gong på 24 år i dette huset la me oss til å sova med døra open mellom soveromet og bakhagen. Det me heller ikkje kunne ha hatt fantasi til å tenkja oss var at me skulle koma heim til eit land med terrortrussel… Heldigvis har trusselen til nå ikkje medført noko som helst, og me får satsa på at han snart kan blåsast av.

Ein positiv ting er at me kom heim til det som i barndommen på husmormunne heitte «goe tork». Seks- sju vaskemaskinar etter ein lang ferie utan klesvask er ekspedert, laken dynetrekk og sommarklede er vaska, hengde på snora, tørka og er så godt som nye.

Slike dagar kjem ikkje på bestilling, og ein må nyta dei medan dei er her. I dag har eg unna meg den store luksusen å liggja paddeflatt på magen i sola og lesa bøker mellom slaga. For meg er det ein stor, stor luksus. I går hadde me nesten alle ungane her til middag på verandaen, og i dag har me hatt to kaffigjester same plassen, først Arne og så Laila, og det er deilig å bare vera lat saman med venner som stoppar innom og tenkja at alt som gjerast skulle og burde kan eg gjera i morgon eller kanskje i neste veke.

image

Sidan eg snakkar så mykje om bøker, så kan eg jo anbefala litt:

image

«Kjærlighetens historie» i fasong av lydbok, kom til oss på spesielt vis. Like før jul var eg på venninnetur på Lillehammer. På indremisjonens bruktbutikk, eller kva det heitte, fann me litt ly frå kjøpegalskapen i butikkane, saman med gatetrekkspelspelarar som fekk seg ein kopp kaffi og ei peparkake der. Der kjøpte eg faktisk to julegåver. Sunniva fekk ein fjellanorakk frå syttitalet, som ho vart kjempeglad for, og kjærasten min fekk lydboka om » Kjærlighetens historie», ei lydbok ingen hadde teke ut av pakningen endå. Så har ho lege der sidan jul, og nå var tida mogen. Lydbøker og lange bilturar er ein god kombinasjon. Eg likte boka veldig godt, ho var klok, vakker og intelligent samanvevd. Boka har tre forteljarstemmar som på ein kunstferdig måte blir vovne inn i einannan, men samtidig ikkje. Det var og litt spesielt at historia begynte med at jødar i Polen måtte gløyma seg for nazistane før første verdskrigen. Det kjendest litt spesielt å høyra om det akkurat når me køyrde inn i Polen.

image

Første runden i Danmark kjøpte eg tre bøker i frå ein billigkasse på gata. Ei av dei, skrive av presten Kathrine Lilleør vart eg så begeistra for at eg på heimturen var innom tre byar for å prøva å finna dei andre bøkene hennar i ein bokhandel. Det gjorde eg ikkje… Kva er det med bokhandlar? Er det digitale i ferd med å overta her og? Eg synest at det blir vanskelegare og vanskelegare å finna ein god bokhandel, og om eg finn ein blir det vanskelegare og vanskelegare å finna bestemte bøker eg er på jakt etter… Kanskje fordi det blir meir og meir paperbacks av internasjonale bestseljarar? Dei same i alle land. Sjølv om eg ikkje fann boka eg leitte etter, så fann eg ein veldig fin bokhandel i Tønder der dei selde bøker frå billigkassar til hundre kroner kiloen… Slikt er eg ute av stand til å gå forbi. I Danmark oppdaga eg via eit bokutsal, presten Johannes Møllehave. Sidan har eg lese forskjellige ting av han. Denne boka som er ei slags dialogbok mellom han og den danske biskopen Jan Lindhardt var ein skikkeleg godbit for sånne som meg. Det er ein reportasje om to ungdomsvenner på tur i Roma, og om dei store spørsmåla i livet. Eg slukte boka på ferieturen heim.

image

I den same kassen fann eg denne boka, som i følge vaskeseddelen finn stad i eit sønderjydsk indremsjonsmiljø, der far og son frekventerer gravferder, faren held talar som får alle til å gråta, og sonen står støttande på sida av og held han i handa. Boka er skriven ut frå den vesle guten sitt litt naive og truskuldige verdsbilete. Boka begynner ganske tilforlateleg og truverdig, så blir det litt drygare, og til slutt tek det heilt av. Som det står sitert frå ei avisanmelding bak på boka: Dette er i grunnen ingenting å le av, men ein kan bare ikkje la vera. For den som liker galgenhumor og det litt groteske, er dette ei bok å la seg fanga av. Historia er godt fortald, ein ser det heile for seg. Sjølv kunne eg ikkje leggja boka frå meg. Eg las ho i løpet av gårsdagen.

image

Denne boka har eg høyrd om og halde i handa før, og så kjøpte eg ho altså i dansk versjon på billigsalg. Det er ei fascinerande historie om å vera kinesisk » Tigermam». Forfattaren har to døtre som begge har utvikla seg til å bli superbegava musikarar. Den eine spelar klaver, den andre fiolin. Boka beskriv korleis kinesiske mødrer, i alle fall denne, ikkje er redd for nokre middel når det gjeld å driva barna fram. Begge begynte å spela i svært ung alder, og mora har sett til at dei øvde, ikkje ein time til dagen, men fem eller seks. Barna hadde ingenting dei skulle ha sagt om dette sjølv, for ho stolte blindt på at ho visste kva som var best for dei. Som kinesisk-amerikansk mor opplever ho eit gedigent sprik mellom amerikanske oppdragelsesmetodar og det ho sjølv står for. Likevel er ho overbevist om at ho gjer det rette.

Ho fortel at hennar barn aldri har fått bruka ettermiddagane til å leika med andre barn, aldri fått overnatta hos andre eller sjølv hatt overnattingsbesøk, aldri fått lov til å koma heim utan toppkarakter på ein prøve, ikkje fått sleppa å øva ein einaste dag, sjølv når dei har feber eller er på ferie. Ho har trua med å øydeleggja leikene deira viss dei ikkje har fått til å spela eit stykke feilfritt, og trua med at dei ikkje får julegåver dersom dei nektar å øva ein ekstra time fordi det trengst. Ho har halde tilbake kveldsmaten og ikkje latt dei leggja seg før ved midnatt om dei står fast i noko ho meiner dei skal klara. Ho har heller ikkje nølt med å fortelja dei at dei er dovne, mislykka og vetdilause dersom dei ikkje innfrir krava. Likevel meiner ho at ho har gjort det rette og at dei aldri ville vore der dei er utan denne oppdraginga. Ho meiner og at døtrene djupast sett har visst at dei er høgt elska og at motstanden ho har gitt dei har gitt dei styrke og livsdugleik. Likevel skriv ho ope om at den yngste dottera hadde eit forferdeleg pubertetsopprør, og at ho på eit tidspunkt innsåg at ho ikkje til sjuande og sist kunne tvinga henne til ei solistkarriere som toppfiolinist i verdsklasse.

Dette er på ein måte fråstøytande lesnad fordi metodane hennar er så hinsides alt me vanlegvis tenkjer om barneoppdragelse i Norge som i Amerika. Likevel er det fascinerande å bli dregen inn i forfattaren sin tankeverden og gradvis forstå vala hennar betre. Ho meiner amerikanske foreldre ofte er dårlege foreldre fordi dei er alt for ettergjevande og let barna sleppa unna med å vera dovne underytarar.

For å seia det sånn, Amy Chua sin barneoppdragelse er nok i heilt andre enden av skalaen enn der eg har bedrive min eigen. Dette på trass av at barna har irritert seg etter tur over at eg alltid spør dei om dei var langt unna femmaren viss dei kjem heim med ein feirar, eller korfor det eventuelt står eit minusteikn bak karakteren dei har fått. Sjølv har eg som norsk mor og som lærar utdanna på begynnelsen av åttitalet hatt klokkertro på glade, ubekymra, leikande, kreative og sjølvstendige ungar som blir oppdregne til å ta eige val. Eg hugsar framleis at eg vart sitjande lett måpande i Storstova på lærarkurs første gongen eg høyrde eit menneske for første gong seia at skulen måtte tilpassast næringslivet og at nasjonen trong at elevane gjekk ut av skulen med betre grep på realfaga. Skulle skulen styrast av samfunnsøkonomiske forhold? Det var heilt nye tankegangar… Hadde me ikkje råd til at norske barn først og fremst var lukkelege?

Men tilbake til dagen i dag, som altså har vore ein av dei verkeleg varme sommardagane. Plutseleg kom det ei skikkeleg regnbyger nesten som frå klar himmel. Inne var det framleis kokvarmt, og det var behageleg å sitja under soltaketbog sjå at regnet pøste ned.

image

Det klarna ganske fort opp att, og i åttetida reiste eg og Leif ned til stranda saman med Arne og Hilde for å ta eit kveldsbad. Mange var ute i same ærend. Havet var blikkstilt, og badetemperaturen heilt nydeleg. Nokon sa at vatnet var ca 21 grader varmt, og slikt er sjeldan kost her. Måkane låg og duppa i vannflata og me kunne nesten syngja heilt ut til dei. Det er ei heilt spesiell oppleving å bada når det skumrar og sola blenkjer i havflata før ho går ned. Nå nærmar det seg midnatt og eg sit framleis ute i ein kortterminalen sommarkjole og skriv. Naboane snakkar med kvarandre, og fleire har trekt ut fordi det er så varmt inne. Det er nesten som eit liv i syden så lenge det varer. Sunniva og Halvard ryddar og pakkar. Begge har fått studieplass i Oslo og er snart klare for å reisa. Eg trudde eg var heilt klar for det, men i dag kjende eg plutseleg eit streif av sorg ved tanken på at begge dei yngste skal flytta ut.

Men dei blir i alle fall til litt uti neste veke. I morgon har dei meld ein ny fin sommardag, og eg skal opp til mor og far og plukka bær. Så år me håpa at den dagen blir like terrorfri som denne så vidt eg veit har vore…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: