Gå til innhald

Korngult og pastellfarga

juli 24, 2014

image

Danmark var korngult og himmelblått i går då me kjørde gjennom landet. Me prøvde å stort sett halda oss unna motorvegane, både fordi det er stressande å kjøra på dei, og fordi me hadde lyst til å sjå mest mogleg av høgsommar-Danmark når me først var der. Denne gongen la me oss sånn ca midt på Jylland, sidan me kjørte austkysten og vestkysten i oktober. Hovudinntrykket var store gule mogne kornåkrar. Overalt såg me skurtrøskjerar og traktorar i arbeid, og me vart liggjande bak ein del av dei på vegane og. Men det var byane me stoppa i.

image

Danske byar er jo nokså annleis enn dei norske. Slike bygater som dei har i Tønder skulle eg gjerne hatt her heime og. Dette skiltet falt eg for, forresten:

image

image

Byen me stansa for å kjøpa lunsj i, heitte Hadsund. Då me kom dit hugsa me at hadde vore innom bakeriet der i oktober. Denne gongen vart det salat på ein kafé med koseleg terrasse framfor. Gågata i Hadsund var ganske bratt. Som ein dekorasjon gjennom gata var det små fordjupningar i brusteinane der det rann ein liten bekk med vatn. Det var dekorativt og gav eit behageleg svalt inntrykk på ein brennande varm sommardag. Den kunstige vesle bekken forsvann og dukka opp att fleire plassar nedover gata som eit band tredd litt på kryss og tvers.

image

Seint på ettermiddagen kom me til Ålborg. Me hadde tid til ein koseleg spasertur der og, og til å avrunda utanlandsferien med iskaffi til meg og bringebærmilkshake til reisekameraten min på ein fortausrestaurant.

image

Heimturen hadde me bestilt på nye Bergensfjord, ein utruleg fin båt, forresten. Det slo meg kor høg standard me har fått på mangt og mykje når eg samanlikna denne båten og denne turen med den andre lange ferieturen me nettopp var på med eit litauisk fergeselskap. Lugaren vår var innomskips og utan vindauge, noko dei hadde ordna opp i på kreativt vis…

image

Inne på båten var det den finaste panoramautsikten eg har sett i fleire av roma på skipet. I tillegg var det veldig romsleg, det var ikkje bruk for å karra til seg ein sitjeplass og tvihalda på han slik som eg har opplevd mange gonger på ulike danskebåtar. Her er utseglinga frå Hirtshals i nydeleg kveldssol.

Kapteinen ønska velkommen på høgtalaranlegget og sa at det var » Beautiful weather and no waves,» slikt liker me å høyra, og på dansk- engelsk høyrest det nesten ekstra sjarmerande ut…

image

image

image

image

I det sommarkvelden gjekk mot natt, og sola seig ned, vart fargane heilt lyst, nesten glasaktig pastellfarga. Sommarnettene må vera noko av det vakraste av alt som finst.

Heidi

From → Reiser, sommar

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: