Gå til innhald

Alt som nesten skjer og kanskje er

juli 26, 2014

I sommarvarmen dukkar det opp mykje merkeleg i tankane. Dette er ei rar og flyktig lita vise som dukka opp i notatblokk mi ein plass langt ute i havet mellom Litauen og Kiel.

image

Eg rørde eit ansikt eit kort sekund,
eg visste du måtte gå,
og orda eg ville ha sagt forsvann,
dei var ikkje til å nå,
men augene mine, dei sa det nok,
eg visste at du forstod,
du kviskra eit ord, det bles bort igjen,
eg trur at me begge lo.

Slik valmuer alltid vil sjå på meg,
med svarte og djupe blikk,
slik framande dansar i gatene
til ukjend og rar musikk,
slik som dei eg elskar kjem hit og går,
på bruer kun dei veit om,
slik var det den dagen du kom forbi,
eg visste det før du kom.

Slik hud møter hud, og eit blikk eit blikk,
slik brisen stryk fugleveng,
slik humlene nøler og flyg sin veg,
frå grøfter og blomeeng,
slik tråd etter tråd blir eit liv til slutt,
slik dropane blir til hav,
slik skal eg nok aldri få vita heilt
kor songen frå då vart av.

Heidi

image

Eg veit ikkje om eg kjem til å bruka desse orda til noko, og eg veit ikkje om eg kjem til å forandra på dei etterkvart. I dag skal dei få lov til å stå her som eit monument over det flyktige, det som nesten skjer, det som kanskje er, det me gradvis forstår. Og ja, det er varmt i dag og…
Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: