Skip to content

Høgsommar

juli 28, 2014

image

Eg les på sosiale medier at ein av fire nordmenn har blitt skremt av terrortrusselen. Kvinner blir meir skremde enn menn, og unge menneske meir redde enn eldre menneske. Kanskje eg skal tenkja på det som eit positivt bevis på at eg er feminin og ung, for slikt gjer meg faktisk litt uroleg? Kanskje eg kan og dra inn som ein positiv faktor at eg er velsigna med større mengder fantasi og derfor lett får indre bilete… Ikkje det at eg har vore livredd, for det har eg ikkje, men eg har vel kanskje gått opp eit nivå på det dei på mediaspråket kallar årvakenheit…

I går morges då eg gjekk til radioen for å høyra om det var noko nytt, virka han rett og slett ikkje. Eg lurde på korfor, og hugsa plutseleg at ein av lærarane mine på ungdomsskulen, Ole Sivertsen, sa at det første ei fiendtleg makt ville gjera var å lamma radionettet for å forhindra at folk fekk informasjon. Med lett stigande puls gjekk eg bort for å slå på fjernsynet, som forøvrig virka som bare det. Eg kom og til å tenkja på kor mykje informasjonsflyten i samfunnet har endra seg på dei ehhhhh… førti åra som har gått sidan eg begynte på ungdomsskulen. Eg merker meg og kor nær ein blir seg sjølv i litt stressa situasjonar, det ein verkeleg vil høyra om når det er tid for nyheiter, er terrortrusselsituasjonen i Norge. Plutseleg blir Gasa, Ukraina og Syria litt underordna bare det går bra her. Jo visst er me bortskjemte og oss sjølve nærast. Og ein venner seg fort til både det eine og det andre. Etter to døgn er terrorfare og bevæpna politi noko ein rett og slett bare lever med…

Og elles så er det mogen, nydeleg høgsommar. I går var eg heime hos foreldra mine for å plukka rips. Bæra er mange og fine i år. Far hjalp meg å plukka, og det gjekk ikkje lenge før me hadde fyld kvar vår vaskebøtte. Så var det heim for å reinska, frysa og koka syltetøy. Med ujamnenmellomrom dukkar det opp ein dag eller to der eg får lyst til å leika husmor, og det har eg gjort dei siste dagane. Etter at eg kom heim, sovna eg nesten med avisa ute på terrassen. Det er nesten uverkeleg å kunna innretta seg slik utandørs, og komma sitja ute i ein tynn kjole omtrent til midnatt utan å frysa. Det er koseleg når halve nabolaget liksom flyttar ut med måltida sine, gjestene sine og samtalane våre. Og plutseleg begynner me å snakka med einannan, me har mykje å ta att etter å ha levd i prinsippet nesten bak lås og slå heile vinteren.

image

I dag fortsette husmorlivet. Sidan reiret skal tømmast for heimebuande barn, og dei to yngste flyttar til Oslo, fann eg og Sunniva ut at me skulle invitera søsken, svoger hund og besteforeldre til avskjedsmiddag i dag. Sunniva foreslo heimelaga, langsomtkokande indisk kyllingsuppe. Så fekk eg meg ein skikkeleg husmordag i dag og, og fekk med masse bra radio, Språkteigen, gudstjeneste frå Nidarosdomen, program om klassisk musikk, eit program om diktinga til Olav H Hauge og gamle gode » Tordivelen flyr i skumringen». Så vart det suppe med heimebakt foccaciabrød, og rips med vaniljesaus,og vannbakkels med vaniljekrem, rips og melisdryss til dessert.

image

Kvelden har eg og Sunniva brukt til å sjå på film. I dag vart det Woody Allen og Romeo og Julie i versjonen med Leonardo di Caprio.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: