Gå til innhald

Snart tomt reir

juli 28, 2014

image

Heimen er prega av at me har to stykker som skal flytta ut samtidig. Gangen blir fylt med poser og baggar som skal med flyttelass til Oslo. Halvard og Sunniva er saman om å vaska ut kjellarleilegheita, og på klessnora har dei hengt nyvaska klede som dei vil ha med seg.

image

Sunniva skal begynna på grunnskulelærarutdanning på Høgskolen i Oslo, og Halvard skal studera estetiske fag på universitetet. Det er eit ganske teoretisk bachelorløp med fokus på litteratur, kunsthistorie, mediefag og musikk. Eg visste ikkje ein gong at det eksisterte eit slikt studium, og me andre her i huset kunne vel eigentleg tenkt oss å begynna der me og…

image

Cleopatra har nok ikkje forstått at Sunniva skal reisa om to dagar, og det kjem til å bli hardt for henne. Dei andre gongene Sunniva har «forsvunne frå heimen», har katten gått opp og ned trappa og ut og inn av romet hennar og remja sårt. Ho har overnatta i vindaugskarmen inne hos henne og på alle måtar halde seg parat i tilfelle Sunniva skulle dukka opp att…

Eg liker å tru at eg er betre førebudd enn kattedyret vårt. Hos oss har utflyttinga gått gradvis og i etappar dei siste elleve åra. Alle, bortsett frå Halvard, som aldri har flytta ut, så har dei flytta ut i periodar og kome heim att i periodar. På det meste har me budd sju tilnærma vaksne personar her samtidig med hund, katt og undulat i tillegg, og det har fungert utmerka. Eg har likt å vera omgitt av ein stor familie, og skulle veldig gjerne hatt endå større familie. Eg trur eg har sove til saman tre netter aleine i huset dei tjuefire åra me har budd her.

Som sagt, eg har trudd eg har vore klar, og at eg ikkje skulle vera ei mor som knyttar seg så sterkt til barna sine at verda rasar saman når dei flyttar ut. Og det trur eg framleis, men dei siste dagane har eg eit par gonger blitt ramma av små stikk av sorg. Sorg over at ein lang periode i livet er over akkurat nå. Akkurat som alle foreldre så trekk eg pusten, lukkar auga og kviskrar «Bare hopp nå, dette klarer du…» Det et det eg innbillar meg at storkeforeldra kviskrar, der ungane halvt overmodige og halvt panikkslegne står på kanten av reiret og kikkar ned medan dei flaksar med vengene og hoppar litt høgare for kvar dag…

image

Og visst skulle eg gjerne fortald dei korleis dei skal leva liva sine og korleis dei skal innretta seg her i denne verda. Eg ville gjerne fortald kva eg synest dei skal kjempa for, kva verdier dei skal ha, korleis dei skal tenkja og kva dei skal tru på. Men eg veit at det ikkje er mitt mandat og ikkje mitt ansvar lenger, dei har fått eigne liv og er klare til å leva dei på sin måte…

Og forferdeleg dramatisk er det vel i grunnen ikkje. Det er bare barna mine som flyttar ut… Dei som allereie er flytta ut bur så nære at eg kjem til å sjå dei veldig ofte, og strengt tatt er eg ikkje veldig aleine i verda utan heimebuande ungdomar heller. Nå opnar det seg nye dører til nye begynnelsar. Eg likar begynnelsar, men for å vera ærleg, så er eg ikkje like glad i avslutningar og avskjedar.

Framleis er her god og varm sommar, og framleis treng eg ikkje ta på meg klokka. Om to dagar kjører me Sunniva og alt me får stua inn i bilen av ting dei vil ha med seg, og kjører over fjellet til Oslo. Halvard reiser etter med fly litt seinare. Me kombinerer turen med å besøkja venner og familie og å nyta siste rest av sommarferie.

Akkurat nå skiftar eg kanal på radioen, for å høyra på pressekonferansen, der dei akkurat nå fortel at terrortrusselen nå blir sett på som lågare, og at me går mot ei gradvis nedtrapping av kriseberedskapen.

Og muslimane feirer id i dag. Eg gratulerer alle dei flotte muslimane eg kjenner med dagen. Måtte ikkje terrortruslane gjera det vanskelegare å vera ny i landet. Eg sluttar med å sitera litt av Brecht si fredsvise etter minnet:

Fred over alle i landet, fred over naboen vår,
måtte en fredelig nabo være i fred der han går.

image

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: