Skip to content

Kultur og fin tur

september 8, 2014

image

I går var det nydeleg seinsommarver. Først høyrde eg på ein veldig fin radiogudsteneste, som eigentleg var ei kvardagsmesse i «Kirkens bymisjon». Det er ein organisasjon eg har utruleg stor sans for, og som eg verkeleg kunne tenkt meg å engasjera meg i om eg hadde budd i Oslo. Eg opplever at det er høgt under taket der, at det er mykje menneskeleg varme og at dei har ei grunntru på at det nyttar å prøva å forandra på det som gjer vondt, enten det er på det menneskelege planet eller på eit meir systemisk plan. Grunnen til at eg bestmde meg for å vera heime og høyra radio var at Carl Petter Opsahl som er gateprest og musikar hadde fortald meg at dei skulle bruka ein nattverdssalme eg og han har laga saman, og det ville eg gjerne høyra på sidan eg ikkje har høyrd han bli framførd med den endelege melodien. Melodien var veldig fint, og arrangementet gjekk meg rett i hjartet. Dessverre hadde dei ikkje forsongar, så det var veldig vanskeleg å få tak på teksten under allsongen. Eg håpar å få høyra det betre ved ein annan anledning. Det er alltid fint å høyra noko ein har vore med på å laga bli brukt på ein god måte.

Veret var fantastisk, så eg svara ja med det same då Gerd spurde om eg ville bli med å gå tur. Begge hadde god tid, så me bestemte oss for å dra ned til Hå gamle prestegård og gå der i frå. Me gjekk nordover langs stranda og snudde då me kom til Refsnes. Mange andre hadde og teke turen ned til stranda, så me møtte fleire kjende.

image

I går var det rett og slett bortimot vindstille, men ein del av det som veks der ber preg av at her har det ikkje mangla på vinden.

image

Her har ein sjansen til å høyra lyden av ekte «vind i gardhol».

image

Og framleis er det masse markblomar i grøftene.

image

Då eg var liten hadde morfar eit «eplestykke», ein bitteliten potetåker der han dyrka eple, eller poteter som det til og med heiter på Jæren nå etterkvart. Framleis kan lukta av potetåker og «eplekål» setja meg rett tilbake til barndomen, så eg måtte bort og snusa litt.

image

Me måtte sjølvsagt inn og sjå på utstillinga. Det er ikkje så verst det kunstverket ein ser om ein kikkar ut gjennom dei glaset i dei solide murveggene i utstillingslokalet, som er eit gammalt fjos,» heller…

image

Inne var det og mykje spennande å sjå på, men etter å ha teke dette biletet, så var batteriet i kameraet flatt. Det betyr bare at dersom du vil sjå meir av utstillinga, så må du reisa ned dit sjølv. I kafeteriaen hadde dei utvida frå å ha bare kaffimat, slik dei har hatt «alltid», til å tilby lunsjrettar og. Ein annan gong har eg lyst til å prøva noko av det. I går vart det ein lefsebit på meg, og ein nysteikt lappe på Gerd, så sette me oss på eit av borda utanfor med den aller finaste utsikten til sjølve storhavet der lasteskip og cruiseskip segla forbi. Det var rett og slett fristande å bare bli sitjande der, men sidan det venta både middagsavtale og kinoavtale i heimen, så måtte me koma oss heim etterkvart.

Me rakk kinoen med knappast mogleg margin eg og Leif. Me ville sjå «Beatles», som er bygd på Lars Saaby Christensen sin roman. Eg vart fullstendig sjarmert av dei nydelege skildringane av fire gutar i brytningsalderen mellom barn og vaksen og eit komplisert kjærleiksforhold mellom hovudpersonen Kim Karlsen og den nye jenta i klassen, som kom frå eit heilt anna samfunnslag enn han. Filmen har fått blanda kritikk, eg elska han, men Leif var litt meir lunken.

Sidan me først er i det kulturelle hjørnet vil eg presentera to biografiske bøker eg har lese den siste veka:

image

Rigmor Galtung, mest kjend som komikar, mellom anna for veldig gode parodiar på Gro Harlem Brundtland, har skrive boka «Fullt lys og stummende mørke» om det å leva med ein depressiv/ bipolar lidelse. Ho skriv om det på ein måte som går langt under huda på meg som lesar. Eg har vore lukkeleg forskåna så langt når det gjeld depresjonar. Eg har aldri kjend på kroppen kva det dreier seg om, og trur faktisk ikkje eg har vore verkeleg lei meg meir enn ein halvtime om gongen. Eg kjenner menneske som i ulik grad har måtta leva med depresjonar som i periodar har virka tungt inn på livet deira. Eg hadde frå før utruleg stor respekt for dette, og den er ikkje blitt mindre av å lesa denne boka. Det er rett og slett vanskeleg å forstå at nokon skal måtta ha det så vanskeleg, ofte utan nokon god ytre grunn til å oppleva livet slik. Det får meg og til å tenkja at me må stella fint med kvarandre og behandla menneske med stor respekt. Ingen veit kva indre kampar andre står midt oppi.

image

Så har eg endeleg fått tak i Aud Tønnesen sin biografi om Ingrid Bjerkås, den første kvinna i Norge som vart ordinert til prest i 1961. For mange år sidan las eg sjølvbiografien hennar, «Mitt kall». Aud Tønnesen si bok gjorde at eg kjende eg vart betre kjend med både Ingrid Bjerkås, om korleis ho vart oppfatta i samtida og om det kyrkjelege landskapet på den tida. Mannen hennar som reiste saman med henne til Berg og Torsken prestegjeld i nordnorge, og som pensjonerte seg og la opp til eit supportarliv som middagskokar, småbrukar og kaffikokande prestemann, vart for meg ein liten helt i denne historia. Det var ekstra interessant å ta fatt på boka sidan eg studerte eit år saman med Aud Tønnesen på MF. For min del ende det med eit grunnfag i kristendomskunnskap etter eit veldig interessant studieår. Dersom det ikkje hadde vore mitt femte studieår i lærarutdanninga mi, så hadde det vore veldig fristande med litt meir teologi. Eg var ikkje heilt framand for teologistudier då eg var ferdig med vidaregåande, men til og med i 1980 var det så pass mykje motstand mot kvinnelege prestar at eg trur eg nærast måtte fått besøk av ein engel for å kjenna meg heilt overbevist om at det var rett veg å gå. Det har verkeleg skjedd store endringar i kyrkja dei siste femti åra. Det gir grunnlag for refleksjon at det som vart sett på som nærast uhøyrt då, ikkje får mange kyrkjelege augelok til å røra seg i dag.

Med hovudet til ein malande katt på høgrehanda medan eg skriv dette, så trur eg at eg rundar av for i dag. Eg håpar nokon kjenner seg inspirerte både til turar langs stranda, kunstutstillingar, kino og lesing av bøker…

image

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: