Gå til innhald

Så var han her, hausten

september 25, 2014

image

Det kjennest som helg, men dagen i morgon er jo eigentleg ein arbeidsdag, skrivedagen min. Den dagen er alltid ein oase. Det kjennest som om det er bare måndagar og fredagar for tida. Om ei veke reiser me austover. Eg gler meg veldig til det. På sundagen feirer me Halvard sin 20-årsdag og på måndagen er det boklansering på litteraturhuset av ei bok eg har vore med på å skriva. Ho heiter «Bibeldikt». Åtttiåtte norske forfattarar har fått kvar sine bibelvers som dei er blitt utfordra til å skriva eit dikt rundt. Eg synest ideen er kjempegod, og gler meg veldig til å sjå boka.

Denne veka har det plutseleg blitt haust. Slik ser morgonane ut:

image

Og slik er det ute på verandaen:

image

Plutseleg er det heilt på sin plass å tenna mange stearinlys og kosa seg inne med hekling av kosedyr og ein kjælen katt på fanget.

image

I RLE- timane denne veka har jødisk nyttår, Rosh Hashanah, som dei feirer akkurat nå, vore tema. Det slår meg kor lite eg sjølv har lært om jødedomen utover det at det var der den kristne kyrkja oppstod med «opprøraren» Jesus, som snudde dei gamle dogmene opp ned og forkynde ein heilt ny forståing av den gamle læra. Eg blir ofte veldig fenga av slikt eg set meg inn i som elevane skal læra. Det er så mykje interessant i verda som ein ikkje veit. Så blir det timevis med googling fordi det som står i lærarettleiinga på ingen måte er nok når eg har fatta interesse for noko.

image

I dag «feira» me med tradisjonell dypping av eple i honning, fengande musikkvideoar, shofar-blåsing på youtube og laging av tankekart. Det er så kjekt å oppdaga at elevane og blir fenga, og at dei hugsa masse frå timen på tysdag. Rosh Hashana, jødisk nyttår handlar om ettertanke og forsoning. Ein del av feiringa går ut på å gå ned til elva, sjøen eller vatnet og tømma lommene sine for ting ein ikkje lenger vil ta med seg. Eg tenkjer på alt det vanskelege i midtausten, og skundar meg med å seia at eg ikkje primart er pro- Israel. Hjartet mitt ligg like mykje på den palistiske sida av konflikten. Det heile er til å gråta av. Tenk om forsoning og ny start etterkvart kunne vera det som var hjartetemaet på begge sider i ein konflikt som kan opplevast som heilt uløyseleg. Ved Rosh Hashana bles dei på Shofar, bukkehorn. Det seiest at lyden i shofaren formidlar det språket i eit menneskehjarte som munnen ikkje har ord for. Eg har lytta ein heil del til shofartonar på internett dei siste dagane. Det er då ein betagande lyd i dette instrumentet…

Og eg sit her og tenkjer at eg er redd for at det eg skriv kan blir misforstått, det seier vel litt om nivået på ein konflikt som få er likegyldige til, men som det kjennest så godt som umogleg å gjera noko med. Neste veke skal elevane få høyra historia om då Adam, jordmannen, og Eva, livgjevaren, vert skapte og om forvisninga frå Paradiset etter å ha ete ulovleg frukt. Eg ser stadig nye nivå og djup i denne gamle forteljinga om mennesket sin situasjon i verda. Gamle mytologiske forteljingar fascinerer meg djupt, både dei som står i bibelen og dei som står heilt andre stadar. Religion og mytologi er spennande saker.

image

Eg tek meg sjølv i å gå rundt og forfatta bloggeinnlegg i hovudet. Når eg har tid til å skriva dei ned, er eg plutseleg ikkje sikker lenger på om eg har lyst til å skriva det eg hadde tenkt. I morgon blir det nok meir, eg får sjå kva for nokre av alle dei rare tankane mine eg får lyst til å setja ord på. Som det står i barnesongen: «Jeg har tusen tanker oppi hodet, mange av dem er helt på jordet, men jeg har bare en hjertevenn… – og det er deg…»

Eg kan forresten fortelja at onsdag 1. oktober er eg invitert til å fortelja og lesa dikt i Nærbø kyrkje klokka halv åtte. Eg skal ha med meg Torill Lode Bøylestad som skal syngja nokre av songane eg har skrive og omsett. Det gler eg meg til, ho er så flink til å synga, og eg skulle gjerne ha lytta til henne ein heil kveld. Eg har snakka med han som spurde meg i telefonen i kveld, me er blitt einige om at programmet vårt skal vara i ein liten time. Det høyrest lenge ut, men eg veit at tida går veldig fort når ein set i gang. I løpet av helga må eg bare laga klar manus og program. Eg reknar med at alle som har lyst til å koma er hjarteleg velkomne.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: