Skip to content

Haustferie

oktober 6, 2014

image

Me har fine dagar her i Oslo og Bærum. Det er så kjekt å vera i lag med både Eva Mari og Henrik og Sunniva og Halvard. På lørdag var det haustregn i byen, men i går var det nydeleg klart vêr med fine haustfargar, vindstille, sol og klar luft. Dei åra eg budde i Oslo var hausten det eg likte aller best med skarp stilleståande haustluft. Slikt vêr er sjeldan vare på forblåste Jæren, men eg kan huska at eg sakna hauststormane litt og.

image

image

Det er koseleg å sitja inne og drikka varm te, og det er fint å vera ute.

image

image

image

image

image

I går reiste me inn til byen og eg og Eva Mari og møtte Sunniva for å eta lunsj på Litteraturhuset. Det var kjempekoseleg, eg liker atmosfæren med alle bøkene rundt i romet. Bøker er aldri feil. Etterpå gjekk me på haustutstillinga. Den er det alltid fint å få med seg, men det er ikkje kvart år eg får det til å klaffa.

image

image

image

Her er den omdiskuterte utstillinga til Gyrid Gunnes, i nokre timar kvar veke har ho stått i prestekjole og lese opp brev stila til Allah. Ein kunne skriva eigne bøner og henga opp med tape på veggen. Eg er usikker på om ho brukte prestekjolen og stolpen på biletet. Stolaen er laga av farga oppvaskfiller.

image

image

Eg burde sjølvsagt ha med kunstnernamnet på dei kunstverka eg har bilete av. Det er litt respektlaust å ikkje ha det, kanskje eg kan få sett det inn seinare.

image

image

image

image

Etterpå drakk me kaffi i Sunniva sitt kollektiv, og møtte fine Irene og fine Vilde.

image

imageimage

image

Etterpå var me på Beijing palace, ein fin kinarestaurant i Pilestredet for å feira Halvard sin tjueårsdag, så frå og med nå er eg ikkje ein gong tenåringsmor? Halvard er lite begeistra for å bli eksponert på sosiale medier, så eg fekk ikkje lov til å fotografera tjueåringen min. Det vart i alle fall ein koseleg kveld. På denne restauranten serverte dei «dim sum», ein slags kinesisk tapas, der me fekk dampkokte mjølbollar med ulikt fyll, pastaputer med reker og kjøt, ulike vårrullar og nokre litt empanadasliknande smårettar. Det smakte veldig godt. I dag har me ein roleg føremiddag og i kveld skal me på boklansering på Litteraturhuset. I morgon blir det ny kjøretur over fjellet. Varme helsingar frå austen til alle som måtte lesa dette.

image

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: