Skip to content

Mykje ver og flott konsert – Luke ni

desember 9, 2014

image

I dag morges var det såpeglatt ute. Ungane kom opprømte til skulen og fortalde at dei aldri før hadde hatt det så kjekt på skulevegen. Dei hadde sklidd masse og ramla fleire gonger. Det er nesten magisk å starta med å synga «tenn lys», opna adventkalenderkonvolutten, lesa frå «Marias lille esel». Etterpå går me over på den gode gamle «Musevisa» og i det songen stilner, høyrer me at dei syng i naboklasseromet på den andre sida av skyvedøra:» Ja, vi tenner våre lykter når det mørkner, og når alle dager pakkes inn i vatt…»

image

Og så, meir enn ein halvtime seinare står sola opp, først er himmelen blåsvart, turkis, ferskenfarga og oransje, og så ser me sjølve sola stiga opp som ei eldkule, og så har dagen begynt.

Det skal ikkje nektast for at dei er ekstra hektiske desse skuledagane i advent. På same stunda som me prøver å skru tempoet litt ned for å få ro over dagane, så skjer det mykje som er annleis enn det vanlege, og ungane blir litt ekstra energiske og oppgira. I siste timen laga me eit slags spontanteater over historia om «Dei heilage tre narrane», og dei små skodespelarane var kjempeflinke.

Etterpå var det rett på kulturskulen for å skriva juletekstar, og så direkte til kyrkja for å høyra på ein fantastisk konsert til inntekt for Idas hjelpefond. I mellomtida hadde det begynt å regna heftig og blåsa bortimot storm, så det vart eit vått prosjekt å forflytta seg dit. Konserten varte i to og ein halv time med innlagt kaffepause og kyrkja var heilt full. Det var mange flinke songarar og musikarar og spennvidden og mangfald og eit repetoar frå «Mitt hjerte alltid vanker» til klassisk song og «O helga natt», via sjølvskrivne tekstar, amerikanske jazza julesongar, brennevinsblues og nordnorske viser. Det var nokre fantastisk flotte timar, og eg var så heldig å få haik heim med snille Heidi, som bur i nabolaget, for tanken på å gå heim i storm og piskande horisontalt iskaldt regn var ikkje så fristande…

Nå samlar eg krefter til å koma meg ut på badet og pussa tenner… Dagen har vore særdeles intens og veldig fin.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: