Gå til innhald

Luke tjue- Tjuvstart og fantastisk konsert

desember 20, 2014

image

I tillegg til masse pakkepakking, så bedreiv eg Tjuvstarting av julepynting av hus i dag. Det kjendest eigentleg alt for tidleg, men når treet først stod der i fot med lys og fire bolivianske juleenglar, så var det vel bare å få det skikkeleg pynta.

Med juletrea våre har det vore så ymse i åra oppover. For tjueåtte år sidan var det litt sjarmerande med eit tre som me fekk for halv pris fordi ingen andre ville kjøpa det og som måtte støtta seg til veggen for å stå oppreist. Eg hugsar eg hadde kjøpt diverse på ein hobbybutikk og ville laga pynten sjølv for det var ikkje noko me prioriterte å bruka pengar på. Eg trur Frode kom innom på besøk og fekk vera med på prosessen.

Seinare har det kome heim glanspapirkorger, dorullnissar og ispinneenglar. Gradvis har dei forsvunne frå tre og hyller, og gradvis er pynten blitt oppdatert. I dag var det plutseleg mykje eg ikkje hadde lyst til å henga opp fordi det er blitt så fint i stova at det liksom ikkje passar heilt inn. Kanskje me sakte, men sikkert er i ferd med å forandra oss til nokre skikkelege snobbar… Sannsynlegvis er det så langt fram dit at eg ikkje treng å bekymra meg så veldig. I dag opplevde eg det eg alltid opplever når eg pyntar juletre. Først ser eg veldig tydeleg alle feila, og tru meg, dei er der, for sjølv om me ikkje lenger sleper heim dei aller styggeste, så ligg det ikkje nokon stor feinschmeckar- aktivitet rundt utvelging av tre. Dei ser alltid skakke og usymetriske ut når me får dei inn i stova. Så gjeld detå prøva å retta det opp optisk ved å pynta litt meir der treet er spinklast… Om eg har tenkt på eit kunstig tre, nei ikkje i det heile tatt, ekte skal det vera. Eg blir alltid like skuffa når eg oppdagar at ein blom, ein potteplanteller eit juletre er av plast eller silke. Det er ikkje dermed sagt at det ikkje er meg det er noko gale med… Erfaringa seier at eg først blir forsonleg stemt overfor juletreet. Så aksepterer eg det, og på eit eller anna punkt så synest eg til og med at det er fint…

image

 

Men en julekrybbene våre liker eg. Denne er dansk med humoristiske figurer som eg blir i godt humør av å sjå på.

Og denne fekk eg i julegave av Sunniva då ho kom frå Bolivia i fjor jul.

image

image

 

 

Ungane mine har lenge påstått at det finst nissar som er prikklike meg… Då Ingrid fotograferte denne måtte eg innrømma at dei faktisk hadde eit poeng. Sidan eg heilt openlyst ikkje kan brukast som modell for Barbie- dokke -produksjon, så er det fint at eg har mine felt der eg kan fungera som modell og forbilde… Kanskje eg burde ønska meg denne til jul?

I kveld var eg og Elise på ein fantastisk konsert i Storstova. Magnus Rommetveit Staveland hadde med seg tre flinke tenorar, ein flink pianist og forloveden sin. Magnus jobbar som operasongar på store scener rundt i verda, og det er veldig kjekt å få høyra han her heime av og til. Eg hugsar faktisk tydeleg den første skuledagen hans på Bryne skule. Han var 7-8 år og sat på ein pult i klassen til Tove og smilte litt sjenert i busserull med kvite striper og var den nye guten i klassen. Eg var støttelæraren som skulle vera med og passa på at han fekk ein god start.

Konserten var humoristisk, vemodig og vakker med nesten alt som tenkjast kan av ulike julesongar. Høgdepunkta låg tett, og det toppa seg kanskje med avslutningsnummeret som sjølvsagt var «O helga natt» med Magnus som solist på første verset og alle fire tenorane på det siste.

I glimt blir me omfavna og oppslukte ved det vakre og ekte ved julefeiringen, slik kjendest det på konserten. Samtidig kjenner vel dei fleste av oss at jula og er stor balanaekunst. Kanskje spesielt mødrer har det slik. Me vil så gjerne at jula skal bli heilt vidunderleg for alle våre og at ingen skal bli skuffa. Me kjøper gavar me håpar mottakarane blir glade for, men nokre av oss grøsser litt når ein eller annan kvart einaste år entusiastisk kan fortelja at me har sett ny kjøperekord i  år og.  Me lagar god julemat samtidig som me gjerne vil vera sunne og trøystar oss med at det er bare jul ein gong i året. Me ordnar og fiksar og står på, men veit me bør ha litt krefter og energi att når kyrkjekokkene og sølvguttene forkynner at nå er jula her.

La oss prøva å ta godt vare på kvarandre og sørga for å hjelpa kvarandre å kvila i alt det som godt er. For visst treng me ein lysfest midt i den kaldaste mørketida. Og visst treng me ideal som omsorg, nestekjærleik og omtanke.

Heidi

From → advent, Barna mine, jul, Musikk, Tru

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: