Skip to content
Tags

Luke nitten – A christmas carol

desember 19, 2014

image

I dag var det den første av dei dagane eg har gleda meg til å ta i bruk, dagar med god tid til å ordna i stand til jul. Etter god sterk morgonkaffi,sette eg meg til med juleposten, litt hadde eg fått i veg, men det meste stod att. Sjølv om det er eit felles julebrev som skal sendast, så blir det nokre handskrivne meldingar der eg kan finna plass på arka. Eg har alltid vore så forferdeleg glad i å skriva brev, så for meg er det i grunnen eit saken at ingen skriv brev lenger, i både barndomen og ungdomen skreiv eg brev til nokon nesten kvar einaste dag, og rett som det var kunne det slumpa til å liggja både eit og to og tre brev i postkassa når eg kom heim om ettermiddagen. Eg og Sunniva gjekk ned til sentrum og fekk send alt saman medan det framleis er sjanse for å få posten fram i tide. Etterpå rakk me ein koseleg lunsj på Kjøkkenet før ho skulle begynna i feriejobben sin. Kanskje det at det er det naturligste i verda å bruka ein heil vegg på ein kafé med bilete av kyr på bås sett bakfrå, understrekjer kanskje det faktumet at me bur i ein bitte liten by langt ute på landsbygda.

image

Mens me sat der vart ho oppringt av Det norske teateret, som ville at ho skulle senda den siste varianten av stykket sitt til dei fordi ein av omsetjarane deira vil omsetja det til engelsk… Dette er føljetong med mange vers, og det skjer jammen mange rare ting i løpet av eit liv. Ingenting av det eg har laga har vore i nærleiken av «Det norske testeret…» Som dei song på syttitalet : «Det er langt igjen til Royal Albert Hall», og slik vil det nok alltid vera.

Vel heime var juletreet kome til hus. Halvard sette i gang med stor entusiasme for å prøva å få treet oppi den fantastiske foten me kjøpte for nokre år sidan der treet blir halde på plass av nokre knivaktige greier med ein slags fjørmekanisme. Då eg skulle hjelpa han fekk eg vita at eg bruker neandertaler – metoden, trua på rå muskelbruk framfor refleksjon og teknisk analyse. Det kan han kanskje ha rett i… Men faktisk var det rå muskelbruk som skulle til i dag, nå står treet fanga i saksa. Merkeleg nok lyste alle lysa og, det skjer langt frå kvart år, men kanskje var det ein matematisk lov som gjorde at seinsommar har brukt tjue minutt eller meir på å få treet i foten skal sleppa dei lange rundene med å møysommelig sjekka ut ei og ei lyspære for å sjå om me fekk lys. Eg hengde på fire bolivianske juleenglar som Sunniva kjøpte til meg då ho var med på julemessa til misjonsalliansen for eit par veker sidan. Resten av pynter får hengjast på i morgon…

Det som verre var, var at ein pakke eg stressa for å få send på onsdag, fordi eg så gjerne ville ha han fram i tide låg i postkassa mi. Dei hadde teke feil av mottakaradresse og avsenderadresse… Det er meg ei gåte at det går an, for det var tydeleg merka slik det skal. Eg reiste ned att med pakken, og prøvde forsiktig å uttrykka mi undring over kva som hadde skjedd, men eg forstod raskt at det har lite for seg å styra budberaren, jenta i posten kunne ingenting for det som hadde skjedd, og sjølvsagt er det heilt bagatellmessig i den store samanhengen… Eg kryssar nå likevel fingrane for at det går bra. Julegaver er best når dei kjem fram til jul…

image

Eg hadde lova Halvard å baka aniskringler i ettermiddag, for det er han så glad i. Eg sette i gang og oppdaga at eg hadde for lite brød til å baka ut med, så halvparten av dei måtte bakast ut med speltmjøl, dei smakte heldigvis godt likevel. Ein smule ulike vart dei i både storleik og fasong, men det betyr i beste fall lite…

image

Halvard måtte overtas teikningar etter det første brettet, for eg hadde avtalt med Odd Christian at me skulle ut og øvekjøra. Me kombinerte turen med å vera litt praktiske, så me var innom eit gardsutsal og kjøpte lefser, rosenkål og poteter til julafta. Odd Christian hadde lasta ned og kjøpt ei lydbok «A christmas carol» av Charles Dickens. Det var rett og slett ei stor oppleving å høyra på. For eit fantastisk språk Dickens brukte, og for ein flink skodespelar det var som leste. Eg har lese historien mange gonger, og til og med øvd han inn og fortald til elevar ein gong for lenge sidan, men eg har aldri fått han lese opp i originalversjonen før. Me fekk med oss ca halve boka i løpet av halvannan time, og eg fekk veldig lyst til å høyra alt. Det høyrest litt sært og nerdete ut, det ser eg, men eg anbefaler denne lydboka varmt.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: