Gå til innhald

Luke 22- If you want a different world – del 2

desember 22, 2014

image

Eg må med dette laga ein del to av innlegget om min og Sunniva sin bydag, for med så mange bilete vart formatet heilt uhandterleg på i- paden…

Etter at me var ferdige i byen, leika me julenissar og førjulsbesøkjarar, som etter avtalt spel ringde på dører og forstyrra folk midt i dei travlaste førjulsdagane.

Først ringde me på døra i Sevjebråtet der Torje og Vetle akkurat var ferdige med å pynta eit stort flott juletre.  Me drakk kaffi og åt peparkaker og maryland -coockies og hadde det veldig triveleg saman med dei. Så kjørde me til Klokkarveien der me drakk kaffi og åt snickerskake i lag med Torhild, Kirsti, Eyvind og Maren, og klappa og koste med fine Hogan som var på besøk akkurat som oss. Nokon skreiv her inne at jul er aller best før jul, og eg tenderer til å vera einig.

Då eg kom heim kom Laila på førjulsbesøk til meg, og så vart det meir kaffi og prat. Etter ein fin julekonsert kom Sunniva og Irene glade og fornøgde for å sitja her og prata. Kanskje det blir ei råd med å få ete opp risbollane likevel… Leif hadde funne ut at det gjekk ein fin dokumentar på NRK 2 i kveld, og han lurte på om eg ville vera med og sjå. Dokumentaren var laga av Hollywoodregissøren Tom Shadyac og heitte «I am.»

Tom Shadyac er mannen bak hollywoodsuksessar som «Bruce Almighty» og » Ace ventura». Han levde den amerikanske draumen med eit slott av eit hus og privat helikopter i tillegg til luksusbil, og registrerte at han ikkje følte seg lukkelegare av å få stadig fleire ting og leva eit liv i stadig aukande

luksus. Etter ei ulukke vart han alvorleg sjuk og var ute av spel i fleire år på grunn av hodeskader med store komplikasjoner. Han begynte då å interessera seg for sjølve livet og for kva som verkeleg hadde betydning. Han hadde og begynt å interessera seg for nyare forsking på mennesket og forandra totalt syn på livet.

Dokumentaren handla om korleis menneske treng menneske. Han meiner å kunna belegga vitenskapeleg at mennesket treng å leva i flokk, at evna til empati og medkjensle er dei viktigste drivkreftene i eit menneske, og at me av natur er skapte for å ta vare på andre menneske. Han hevdar å ha vitenskapleg bevis for at det går mange impulsar mellom menneske som me fram til nå ikkje har klart å bevisa eller påvisa med målbare metodar, men at dei nå har kome eit stykke på veg. Han intervjua forskarar som meiner at me i mykje større grad enn me har visst er i stand til å kjenna andre sin smerte og identifisera andre sine følelsar med vår eigen kropp og eige sanseapparat. Han intervjua og idealistar som Desmond Tutu, – og sin eigen far, som dreiv eit sjukehus der fattige kreftsjuke barn fekk gratis behandling. Eit av utsegnene han heldt fram er delvis sitert i overskrifta mi og seier fylgjande : » If you want a different world, be the difference.» Filmskaparen hevdar at den vestlege verda, spesielt USA , er angripen av ein samfunnssjukdom. Me er lurte til å tru at me først og fremst er enkeltindivid som må kjempa egoistisk for vår eiga lukke, medan me eigentleg viser oss å vera flokkdyr, skapte for å stå saman med andre. Han hevdar logisk nok at ingen materielle ting kan bøta på det å ikkje vera elska, ikkje ha nokon å vera til for og ikkje å ha nokon å visa omsorg.

Tom Shadyac har seld luksusvillaen, bilen og helikopteret og fått seg ein veldig enkel bustad. Når han nå skal ta seg fram brukar han sykkel. Han meiner at mykje av det som han var opplært til som amerikanar er blank løgn. Eit samfunn der dei sterkaste og mektigste tråkker dei svake ned, er som ein kropp med kreftsvulstar der nokre celler veks uhemma og trekk kreftene ut av resten av organismen. Han hevdar at eit stykke inn i framtida vil dei usynlege kraftlinjene oss menneske mellom kunna målast og bevisast, og mykje av det me til nå har tenkt om individets sjølvstedigheit vil me kanskje le av slik me nå ler av at dei lenge var overbeviste om at jorda var flat.

Eg likte tankane og moralen i filmen. Om det eg prøvde å formidla var ubegripeleg, så prøv å få sett dokumentaren sjølv. Nå er det på tide å ta dagen inn for landing. I morgon er Det «litla julaftå». Eg håpar eg er litt mindre forkjøla då enn eg har vore i dag. Eg hostar og snufsar og prøver å ikkje smitta nokon med juleforkjølelse. Ein veldig fin dag har det vore i alle fall.

Heidi

 

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: