Nok til å sjå havet koka
Orkan vart det ikkje av det, men nok vind til å sjå havet koka, nok vind til å få håret til å stå nesten rett opp og nok vind til at det nesten var vanskeleg å gå oppreist somme plassar då eg gjekk tur, så då skal eg ikkje klaga over veret. Saman med Leif og Odd Christin var eg på ein aldri så liten fototur langs havet. Det var eit mektig syn.
Det du ser bak moloen på det siste biletet er ikkje låge skyer, men kokande, skummande hav som med jamne mellomrom brøyt over moloen slik at dei som måtte ha våga seg ut der i beste fall var blitt søkkvåte.
Og om det måtte vera bittert for oss jærbuar at me har lite snø, så har me i alle fall ganske mykje ver av andre slag å trøysta oss med.
Nå skal me ha ein roleg kveld med italiensk pizza og fyr på peisen. I morgon skal eg ha sundagsskule i Bryne-kyrkja. Det er lenge sidan sist, men nå hektar eg meg på att. Det er ein fritidsaktivitet eg har halde på med i alle fall dei siste 20-åra fordi eg synest det er veldig viktig å formidla kristendomen på ein god måte til barn. Me er for få leiarar, så dersom nokon på Bryne les dette og kjenner kallet, så må dei melda seg til meg eller til staben i kyrkja…
Det har skjedd mange triste ting både lokalt og internasjonalt den siste veka. I dag høyrde eg Per Fugeli seia på radio at me ikkje må gløyma at me bur i eit av dei tryggaste landa i verda og lever i ei av dei tryggaste tidene menneske nokon gong har levd i. Me må hugsa at alle er medmenneske, og at menneske kan gjera verda til ein betre plass for andre menneske. Dei aller fleste vil oss vel, og me må passa oss for å tenkja for kategorisk både om enkeltmenneske og andre etniske eller religiøse grupper.
I dag har eg lyst til å dela eit dikt frå boka «Bibeldikt», som kom ut nå i haust. Det er skrive av Hans -Olav Mørk, som har vore gateprest i Oslo.
Vi sa adjø
Vi sa adjø
i vinterkulda
du på veg mot mørket i dypet av byn
jeg på vei mot lyset i et hjem
jeg så det grodde et håp i deg
men nattemøeket er dypt
gatene er av stein
kulda svir
og hva skjer med spirene
der menneskeverdet foraktes
vi delte en nåde
vårt liv er dyrebart for Gud
vi tente lys på gatesteinene
du skjermet det med frosne fingre
brenn lys i byens mørke
lev du vesle spire av håp
overlev, for det er Gud
Gud som bor i ditt vevre liv
Hans-Olav Mørk
LIknande innhald
From → Barna mine, Jæren, Jærstrendene, Kjærasten min, Poesi, Tru, veret, vinter







Men käre värld, han har ju bara en munkis på sig!!! – sa hon som avskyr blåst.
Ja, og kald vart han og…