Gå til innhald

Forandring fryder

mars 1, 2015

image

Eller «Forandring frydar», som det heitte i Sunniva sitt nynorske originalmanus. Tidleg tysdag kveld henta me Sunniva på flyplassen. Ho kom rett i frå praksisklasseromet der aust ein plass. Eg hadde stressa litt med at me kunne bli for seine til premieren dersom flyet var meir enn litt forsinka, men heldigvis ende me opp med å få god tid, og Sunniva kunne troppa opp på Stavangerpremieren med syster, bror, svoger og mor på slep. I den vesle foajeen på kjellerteateret venta det oss ein skjerm med denne påskrifta, og med bilete frå forestillinga.

image

Eit av grepa regissørane har gjort, er at dei ulike ungdomane av og til opptrer i rollen som lærar, då med finurlege dialekter, masker som liknar mistenkjeleg på Torbjørn Røe Isaksen, og til dels med utsegner og kroppsspråk som viser at dei eigentleg har forstått fint lite av dei dilemma elevane deira, dei sju ungdomane, står midt oppi. Jenta som ser på oss, nærast oss i første rekkje på dette biletet, er forresten Margrethe Sofie, som har vore eleven min både på skulen og på drama og skapande skriving i kulturskulen. Det gjer det jo ekstra kjekt for både Sunniva og meg at me kjenner ein av skodespelarane. Både ho og dei andre ungdomane gjer ein strålande jobb.

image

Og Arne Nøst har laga ein kjempefin plakat.

Eg har veldig mange gonger vore på premieren av stykke eg har laga sjølv, men oppdaga at eg var minst like spend og nervøs nå når det var Sunniva sin tur. Og så på Rogaland teater då, heldige ho…

Det er ikkje så veldig mange stolar på kjellerteateret, og denne kvelden var det fleire som melde at dei ikkje hadde fått billettar. Eg hadde lese manus, og visste sånn ca kva me hadde i vente, men manuset var så langt at regissørane hadde måtta ta nokre val på kva scener som ikkje kom med, så ikkje alt eg venta på skjedde slik som eg hadde trudd. Eg lot meg imponera. Det einaste eg reagerte negativt første gong eg såg det, var språkbruken. Var det nødvendig med banning på scenen? Sunniva meinte at det var det, om eit par av desse ungdomane skulle vera truverdige, for det er slik tonen er veldig mange i ungdomssmiljø… Det kan henda ho har rett.

I alle fall var det eit manfoldig typegalleri ho hadde. Først virka dei som prototypane alle kjenner att, nerden som bruker all si tid på eksamenslesing, ho som har draget på gutane, men eit frynsete rykte, ho som er opprørsk og sint og kjem på kant med alle, han som sjarmerer alle damer med eit stort smil og kjem unna med det, og så vidare. Det som skjer med desse karakterane er at me gradvis forstår at det er ganske mykje under fasaden me aldri får sjå, og at det å vera ungdom og menneske generelt er meir komplisert enn ein skulle tru. Alle har tankar, erfaringar og løyndomar dei ber inne i seg, og som dei ikkje vil at dei andre skal få vita om. Dei har lengta til vaksenlivet og til å bli ferdige med vidaregåande skule, men eigentleg er dei skrekkslagne alle som ein. Visst har dei lært kor høg Galdhøpiggen er, og dei kan berekna volumet at ein sylindar, men kan dei skifta sikringar, betala rekningar og ta vare på seg sjølve?

Dette er moderne teater med få andre virkemiddel enn to mikrofonar, som viser seg å kunna brukast til mykje, nokre enkle pappmasker, sju raude ballongar og ein stol til kvar. Eg er imponert over kva regissørane, Carl Jørn Johansen og Nina Godtlibsen har fått til ved hjelp av desse rekvisittane, sju ungdomar og ein intimscene.

På slutten kjem ein replikk som rommar omtrent dette: Dei vaksne hadde mange tankar om kor udugelege me var, men forstod dei at me verkeleg gjorde så godt me kunne?

I eit av intervjua sa Sunniva «Når vaksne skal skriva tekstar for ungdom, kan det sjå ut som om dei trur at ungdom bare er opptekne av sex og alkohol, men slik er det faktisk ikkje.» Alle sju ungdomane har mange tankar om kva livet eigentleg dreier seg om. Ikkje alt viser på overflata.

Nå kan sikkert dette sjå ut som om stykket er mørkt og gravalvorleg, men det er veldig mykje humor der og.
Eg lurde på på førehand om eg ville våga å vera ærleg dersom eg ikkje syntest at forestillinga var heilt vellukka. Det slapp eg å ta stilling til, for eg liker ho veldig godt. Eg kan med stort frimod faktisk anbefala folk å gå for å sjå. Det er framleis heile 16 forestillingar att, så teateret har verkeleg våga å satsa. For skodespelarane er det sjølvsagt veldig kjekt med fulle hus, men på den eine forestillinga eg var på, viste dei at dei kan spela like profesjonelt med mange ledige stolar.

image

Etter premieren vart Sunniva ropt fram og fekk nydelege tulipanar og gode ord. Dei fekk vera att i stova vår sidan ho måtte nesten rett tilbake til lærarskulepraksisen sin. Premierefesten vart for vår del pizza og brus, som me plukka med oss på veg heim, heime hos Ingrid.

image

Sidan eg har jobba mykje med teater sjølv er eg van med å sjå stykka mange gonger, det var derfor nokså opplagd for meg at eg blei med for å sjå stykket saman med Leif, foreldra mine og syster mi dagen etterpå og, og då eg fekk spørsmål om å gå i lag med Torhild, og mi flotte fadderjente Maren dagen etter det, så var eg ikkje vanskeleg å be då heller. Eg må innrømma at eg syntest det var litt flautt å dukka opp på teateret tre kveldar på rad, så eg håpa ingen kjende meg att på torsdagskvelden… Eg kjende meg litt i fare for å bli sett på som ei skikkeleg «Tiger- mum». Eg såg nye ting på kvar forestilling, og merkeleg nok så blir eg aldri lei av å sjå eit teaterstykke mange gonger. Siste kvelden mista eg mobilen min på veg frå bilen til teateret, men me ringde han opp etter to timar og møtte ei veldig hjelpsam dame som hadde funne ein klissvåt mobil på gata. Ho gjekk ut for å sjå etter oss, og bad oss sjå etter ei dame i knallgrøn kåpe. Det føyer seg inn i ei lang rekkje med hjelpsomme menneske som har dukka opp gjennom livet for å gje meg tilbake gjengløymde lommebøker, handvesker og mobiltelefonar. Det skjer meg faktisk kvar einaste gong, så eg stemmer i med meg sjølv og ropar høgt at folk er betre enn sitt rykte… Maren, som var med meg på jakt etter mobilfinnaren sa det rett ut til henne. «Dette skjer Heidi ganske ofte»…

Og Sunniva har verkeleg fått svingt seg i aviser, på lokal TV og på lokalradio i samband med dette. Det må vera ei nesten surrealistisk oppleving. Så heldig ho var som fekk med seg dette. I alle liv skjer det rare og uventa ting av og til. Dette må vera ein av dei. Og eg, ja eg skal sjå stykket i alle fall ein gong til, og så håpar eg at eg får sett eit par av dei andre variantane av stykket, som blir sett opp andre stadar i landet omtrent akkurat nå.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: