Henta inn att av dei kanskje heilt vanlege dagane
Så har ein ferie gått inn for landing og kvardagane er tilbake. Det vart nokre fine dagar etter at me kom heim og. Sunniva kom overraskande heim for å vera med på pressevisning og pressekonferansar på stykket «Forandring fryder». Det er alltid fint å ha ungane heime, det skal bare innrømmast, og før ho reiste i går hadde me ei lita markering med pannekaker og sundagskaffi. Storebror kom og innom, nå kjører han til og med bil. Sunniva kjem faktisk tilbake i morgon for å vera med på premieren inne på Rogaland teater. Ho er i praksis akkurat nå, så ho spring rett frå klasseromet for å rekka flyet sitt. Eg stresser litt med at flyet ikkje bør vera mykje forsinka dersom me skal rekka det, men det vil vel helst gå bra… Før var eg alltid ute i siste minutt for ikkje å bruka livet mitt på å venta på tog og avtalar, men noko har skjedd dei siste tjue åra. Nå trivst eg best med å ha veldig god tid.
Etter å ha kjørt den reisande til flyplassen rakk me ein spasertur langs Solastranda før det vart mørkt. Den blå timen kom og gjorde alt halvmørkt, blått, vemodig og vakkert. Det er veldig mykje lenger lyst om ettermiddagane enn det var for bare 3-4 veker sidan, så våren er på veg i år og.
Og i dag venta klasseromet. Eg hadde teke med meg ein venn frå Spania som trong litt opplæring i matematikk.
Vel heime oppdaga eg plutseleg dette heilt spesielle lyset. Eg trur det skuldast ein kombinasjon mellom solnedgang og regnver.
Nå har eg førebudd ein liten hinduistisk navnegjevingssermoni til rle- timen i morgon og skrive litt på noko eg håpar skal bli ei ny diktsamling. Det er spennande å jobba med dikt. Eg prøver å tømma tankane å sjå kva for nokre bilete, tankar og ord som dukkar opp. Eg veit aldri heilt på førehand kva det er, og eg prøver å fanga slikt eg aldri heilt har sett ord på før. På skrivebordet mitt har eg ein malande katt, men han har eg skrive om mange gonger. Nå er kvelden her allereie.
Heidi
From → Barna mine, Jærstrendene, Kattar, Kjærasten min, Teater og film., våren