Gå til innhald

Når våren kjem og omfamnar deg

mars 14, 2015

image

Det er eit kjend ordtak at noko kjem som julekvelden på kjerringa. På denne kjerringa kjem våren på same måten. Eg var heilt uførebudd på at livet  plutseleg skulle vera strålande sol, vindstille, blomstrande blidt og mildt. Slik var det delvis i går og veldig i dag, og plutseleg hugsa eg med heile kroppen korleis slike dagar er. Eg hadde nesten gløymt kor fint det var. Det er så ein ikkje får lyst til å vera inne i det heile tatt. På trass av at det var rim på hustaka i dag morges, og til og med eit tynt islag på vasspyttane, så fekk sola snart overtaket. Eg oppdaga plutseleg kor heftig det blomstra i hagane. til slike menneske som har litt grønare fingrar enn oss. Sjølv om våren framleis er både halmgul og gråbleik, så kjem det plutseleg fram små fargeeksplosjonar i dei moldsvarte beda.

 

image

 

I staden for å vaska hus og skriva revy som eg eigentleg hadde litt planar om, så fann eg fram sykkelen og sykla først ned til sentrum og så bort til Ingrid. Ho har arva ein hage der det sprett fram både det eine og det andre, og i tillegg hadde ho og Oddvar fått ut både påskeliljer og stemorsblomar i krukker på terrassen. Plutseleg var det nesten sommar.

image

Me fann ut at dette måtte vera rette dagen for ein tur langs stranda, så me fekk stabla oss og hunden inn i den vesle kvite bilen hennar og lagt i veg.

image

Eg sluttar aldri å la meg fascinera over det fine blondemønsteret bølgjeskummet lagar mot sanden når bølgjene slår inn. Å få til å fotografera det er ein annan sak, det er snakk om å trykkja på avløysaren i rette tidelen av eit sekund… Tidlegare denne veka var det sterk vind og kraftig sjø. Strandkanten som vanlegvis er dekka av sand like finkorna som melis, bar preg av at det hadde gått hardt for seg, det låg masse småstein og havsingel inne på stranda.

imageTare og rekved var skylt opp på land.

imageFleire av oss nytte både solskinet og turen med opne sansar.

image

Og på terrassen til Ingrid var det bortimot sommar. Me åt lunsj ute for første gongen i år, deilig salat henta med oss frå kjøkkenet på veg heim. Det var så fint å bli sitjande og la seg tina litt av denne velsigna sola som det i grunnen er ganske lenge sidan me har både sett og kjend varmen frå.

image

Kaffi hadde me og. Dotter mi syntest at denne koppen passa til meg, kva ho nå måtte meina med det…

image

Då eg skulle heim lasta eg sykkelkorga nesten full av blomar slik at eg kunne ta med meg litt av våren heim og.  Av ein eller annan grunn så er det aldri verken rydda i hage og på terrasse når våren kjem, og det er ikkje i mine bed eg finn dei første blomane. I hagen til Ingrid var det til og med humler i dag, og humler er me glade for å sjå. Nå er det bare å venta på vipa. Har nokon sett ho?  Det er forresten fint at me kan dela hagane litt med kvarandre, og elles så får eg seia som jødane: «Til neste år i Jerusalem».

Nå er eg rett og slett metta og oppkvikka av sol og sykling og ein lat dag, så nå får eg prøva å jobba litt før eg tek kvelden. Ha ei fin helg, alle saman.

Heidi

One Comment
  1. Så flott måte du har tatt imot VÅREN på 🙂

    Fin ny veke!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: