Gå til innhald

Att han inte är sådan som du säger

mars 13, 2015

image

I går vart eg sitjande med det siste nummeret av magasinet «STREK», og som så ofte så talte tekstane eg fann der sterkt til meg. Den mest framtredande overskrifta på framsida av magasinet var «Brent av tro». Artikkelen denne overskrifta viste til var ein artikkel der radiojournalist Håkon Dahl (66) fortel om sin oppvekst i ei pinsevennforsamling. Han fortel om kor traumatisk det var i barndomen at det vart forventa at ein skulle bli frelst, og at dei som ikkje vart det gjekk til evig fordømmelse. Han ville gjerne oppnå denne frelsesopplevinga, men følte sjølv at han aldri fann fred med Gud, og trudde derfor at han var på veg mot fortapinga. Først nå kan han fortelja om kor mykje angst dette gav han i barndomen. Han snakkar og om Vita-avdelinga ved Modum bad som har spesialisert seg på denne typen traumer. Historia hans er til å gråta av. Mirakuløst nok fann han som vaksen fred med Gud på ein platform som var ny og annleis.

Det å ha møtt ei kristendomsforståing som var vond å møta er gjennomgåande i magasinet. Det som går igjen er lengten etter den gode forsoninga med Gud. I dag morges då eg skrudde på radioen var det som kom inn på kjøkkenet mitt eit intervju med den same Håkon Dahl om det same temaet. Dette var eit merkeleg samantreff, for bladet har ligge uopna på bordet mitt ganske lenge. Eg kjende at dette måtte bli temaet for det blogginnlegget eg hadde bestemt meg for å skriva, og nå har eg lyst til å vera litt personleg.

Av og til hr eg lurt på om barn blir fødd med ulik grad av annlegg for «det religiøse» akkurat som me heilt opplagd blir fødde med ulik disponering for musikalitet, kreativitet, grad av behov for utfordringar, ulik grad av psykisk sårbarheit og så vidare. Eg var av ein eller annan grunn det religiøse barnet som alltid hadde eit sterkt behov for å finn ut av desse tinga. Som lita drøymde eg at eg og bestemor stod i kjøkenvidauget og såg Jesus landa i gardsromet på ei sky. Han snudde seg mot oss og smilte. Dette meiner eg at eg trudde var ei reell oppleving heilt til eg vart stor nok til å forstå at det kunne det heilt umogleg ha vore, det måtte ha vore ein draum.

Eg vaks opp i ein litt asymmetrisk familie der familien min til eg var seks år bestod av foreldre, besteforeldre, tre onklar, ei grandmoster, ein eitt år yngre bror, og heilt på tampen i dette avsnittet av livet, ei bittelita babysyster. Til å begynna med budde me meir eller mindre i det same huset, bortsett frå «moster» som dukka opp kvar sundag og gjerne midt i veka og. Etterkvart flytta kjernefamilien min inn i nabohuset sånn teknisk sett, men eg gjekk ut og inn av begge husa og var like heime begge stadar.

Ingen i den nærmaste familien var uttalt truande, bortsett frå moster som hadde ein periode i frelserarmeen, ein periode som døypt pinsevenn, og elles var innom der ho fann det naturleg. Eg hadde høyrt om sundagsskulen og var veldig spent då me fekk naboar som var pinsevenner, eg og bror min begynte på sundagsskulen i regi av pinsemenigheten i lag med Svein og storesystera hans Unni. Då me flytta til Ålgård var naboane våre baptistar, og sidan eg vart bestevenninne med Grete Iren, så fekk eg snart vera med på sundagsskulen i lag med Grete Iren og far hennar. Etterkvart sette dei opp ein eigen sundagsskulebuss som henta ungar frå heile Ålgård til sundagsskulen i baptistkyrkja. Eg var og djupt fascinert av det dei gongene eg fekk vera med på vanlege sundagsmøte i baptistkyrkja. Eg hugsar at eg inderleg misunde dei som hadde ein familie som hadde tilhøyrigheit til ei kyrkje, det såg så fint ut. Når me var hos farmor og farfar var det alltid bordbøn, og når eg og bror min var der aleine i feriane, kjende eg alltid ei slags høgtid når farmor og farfar tok ein pause inne i stova etter fjosstell og frokost for å høyra på radiogudstenesta. Det var fint å sjå på at dei begge folda hendene og såg andektige ut når det vart lese «Fadervår». Det hende eg fekk vera med farfar i kyrkja om sundagane. Det var høgtideleg og fint og ganske kjedeleg på same tida.

Tanten og onkelen min i Grimstad var aktive i Misjonskyrkja der, og om somrane når me var der på ferie var me med dit. Eg likte og godt å vera der i høgtidelege samanhangar som barnevelsignelsar og konfirmasjonar. Eg misunde dei litt at heile familien var aktive i ei kyrkje, og eg var glad for at det var tante Solfrid som var faddaren min. Eg var venninne med Torhild, som hadde ei mor som var sundagsskulelærar og etterkvart soldat i frelserarmeen. Me to hadde rare samtalar om korleis verda hang saman. Ho delte mi glede over å grubla på korleis verda hang saman, sånn heilt eigentleg, og hadde nok akkurat som meg «legninga» til å vera eit veldig religiøst barn. Då eg begynte i sjette klasse fekk eg ei ny venninne. Sissel kom flyttande frå Bergen saman med familien som var adventistar. Eg adopterte nesten foreldra hennar, og for meg var det trygt og fint både å få vera med dei på familieandaktane og ein og annan gongen på sabbatsgudsteneste.

Som nesten alle barn på Ålgård, hadde eg ein oppvekst der me gjekk inn og ut både på bedehuset og i baptistkyrkja på ulike barne- og ungdomsarrangement, og eg kjende heile tida ei sterk dragning mot alt kristendomen stod for. I tenåra hadde eg nokre møte med sterke karismatiske grupper, noko eg både var tiltrekt av og litt skremd av. Eg frykta at eg skulle få eit eller anna kall frå Gud som eg absolutt ikkje ville ha, som å reisa til ein eller annan skummel plass for å forkynna eller som å koma med profetiar. Me vart oppfordra til å be om ulike nådegavar. Eg bad alltid om å få kjærleiken sin nådegave fordi den virka minst skremmande.

Ein kan vel trygt seia at eg hadde ein ekumenisk barndom og oppvekst, men etterkvart landa eg nokså solid i det telefonkatalogen omtalar som «Kyrkja den norske». Eg høyrer med jamne mellomrom menneske beklaga seg over alt dei gjekk glipp av fordi dei hadde ei ungdomstid i kristne miljø. Sjølv har eg inga slik oppleving av det. Eg synest eg hadde ein spennande og fin periode som tenåring og ungdom, og er spesielt takknemleg for at me i mitt miljø vart så opprfordra til å retta blikket utover, til å forstå at kjærleiken til andre var likeså viktig som kjærleiken til oss sjølv, og at det var uendeleg mange som trong at nokon var der som lys og salt og berarar av Kristi kjærleik. På same tida var eg aldri fastlåst i kristne miljø. Eg hadde venner frå mange andre miljø og, og eg spelte teater og reiste på hytteturar med venner som ikkje høyrde heime i kristne samanhangar. Paradoksalt nok, så innser eg nå at eg som ikkje hadde foreldre med sterk trus-tilhøyrigheit, hadde ein heilt annan fridom enn fleire av vennene mine som hadde det. Av foreldra mine vart eg oppmuntra til å vera med på ting som det for nokre av dei hadde vore utelukka å delta i. Dei var, kanskje med ein viss grunn, tvert i mot litt redde for at eg skulle bli ein trongsynt fanatikar. Sjølv meiner eg i mitt overmot at slikt har eg aldri hatt anlegg for, men ein ser jo ikkje seg sjølv frå utsida… Eg har aldri hatt behov for å frigjera meg frå ein trustilhøyrigheit eg er sosialisert inn i. Håkon Dahl fortel at han opplevde å høyra mora seia at det vart så trist for henne i himmelen viss han var i helvete. Slike utsagn var uendeleg langt frå min oppvekst, og det er eg sjølvsagt glad for.

Mine fire barn har vakse opp «i ei kyrkje» slik eg alltid sjølv drøymde om å gjera det. Eg tenkjer tilbake og håpar at dei har opplevd det mest fint og at dei har fått med seg noko viktig ut i livet. Dei vart tekne med i kyrkja og på sundagsskule nesten kvar sundag frå dei var nyfødde, eg har lese masse kristne bøker for dei og bedd aftenbøn med dei. Me har teke dei med på kristne festivalar og leirar. Sjølvsagt ville eg gjerne at dei skulle finna sin plass i det store kyrkjelandskapet der dei trygt høyrer heime. Samtidig veit eg at eg må gje dei den same fridomen til å skapa sine liv som mine foreldre gav, og alltid har gitt meg.

Kva er trua for meg? Meir enn noko er ho den kostbare perla ein handelsmann ein gong fann som var så verdifull at han var villig til å selgja alt han åtte om han kunne få ho. Trua mi har vore og er svært viktig for meg. Ho tek meg inn i rom som er heilt annleis, men samtidig gjer ho alle dei andre livsroma endå viktigare for meg. Eg har ei tru som gjer at eg har tru på at eg høyrer heime og har ei oppgåve alle stadar eg til ei kvar tid måtte vera, og ho gjer meg ein høg himmel over livet. Samtidig tenkjer at livshistorier som den Håkon Dahl er villig til å dela, romar så mykje smerte at me som liker å tru me er «rett-truande», verkeleg må tenkja og kjenna etter kva me formidlar til andre. Ikkje minst til barna våre.

Sundag 19.april blir ein spennande dag. Då har eg fått lov til å vera gjest på kveldsgudstenesta i Bryne kyrkje og temaet er «Er kyrkja truverdig?» Eg gleder meg veldig og er spent. Eg kjem til å fortelja og lesa dikt, i tillegg til å snakka om temaet. Leif skal samarbeida med meg og visa fotografi på storskjerm, Torhild skal spela piano og ikkje minst har eg fått lov til å invitera Randi Engelsvoll med band som skal framføra viser eg og Randi har laga saman. Det hadde vore eit av mine store ynskje om både familie, venner og facebookvenner hadde hatt lyst til å koma. Eg har og eit par personar til eg svært gjerne ville hatt med meg som «venner med ei oppgåve»…

16168066283_6ae95773de_o(1)
Foto Leif

Eg har lyst til å slutta med eit fint og viktig dikt som stod i STREK i samband med temaet over. Det er der i frå eg har henta overskrifta til dette blogginnlegget.

Säg dem
det som vinden säger til vidderna
och havet til höjderna

Säg den
att en gränslös godhet genomströmmar allt.
Säg dem att Gud inte är som de trir
utan ett vederkvickande vin
en fröjdefull fest
där var och en får och ger.

Säg dem at han allena vet ditt verkliga namn.
Tala till dem om hans klingande skratt
och hans andlets klarhet
som du anar i skymningen.

Säg dem at han är din rymd och ditt mörker
din smärta och din glädje.

Men säg dem också
att han inte är sådan du säger
och att du ingenting vet.

av ukjend forfattar.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: