For alt som ein gong var
Ein dag er tida komen,
ho opnar siste grind,
og me skal bli tilbake,
men du, du skal gå inn.
Me takkar fint for fylgjet,
for alt som du fekk gje,
nå må me sleppa taket,
du skal fara bort i fred.
*
Me takkar for du var her,
og helsar stilt farvel,
me ber på mange minne,
når dagen har blitt kveld.
Nå må du reisa frå oss,
men døden er ei bru,
til kjærleiken som ventar deg
der du nå skal bu.
*
Nå vil me bera med oss,
ditt smil og dine ord,
ditt blikk og dine hender,
og alt du var på jord.
Nå skal du til den staden,
me ikkje kan bli med,
så reis frå oss i kjærleik,
ja, far frå oss i fred.
*
I hjarta har me med oss
det gode som var deg,
og alt me levde saman
skal leva trygt i meg.
Må Gud velsigna minna,
om kjærleiken du bar,
om godleiken du viste,
ha takk for den du var.
Eg sit og vil skriva ei siste helsing til farmor. Det er vanskeleg. Eg oppdagar at dette er eit farvatn der det er forferdeleg lett å snubla i klisjeane. Kunsten er å finna dei enkle, ærlege og ekte orda som ikkje blir platte og klisjeaktige. Eg har skrive det med rim og rytme som gjer at diktet kanskje kan få tonefylgje ein gong, sjølv om det ikkje blir heilt i denne omgangen. Eg vurderer om eg skal ta tredje verset vekk, om det viktige blir sagt i dei tre andre versa. Eg tek gjerne i mot råd.
Dette var aldeles nydeleg. Kondolerar, og berre la tredje verset vera. Veldig flott og verdig.
Tusen takk, Anette.
Nydeleg siste helsing!
Sterkt farvel.
mvh Sigrid
Tusen takk, Sigrid.