Gå til innhald

Andre sundagen i mai

mai 10, 2015

image

Sundagsturar er ikkje det dummaste. Oscar liker seg der det skjer. I dag var han med meg og Ingrid til Vig der me var på eit koseleg ettermiddagsbesøk hos Elfrid og Kjell og la litt planar for eit relativt nært foreståande bryllaup. Dei bur så fint i eit stort gammalt hus med nydeleg hage rundt og med utsikt til havet.

Resten av dagen har eg stort sett kost meg på arbeidsromet og redigert elevtekstar til boka me skal laga med skrive-elevane mine. Nå har eg kome ganske langt, så i løpet av ei vekes tid burde boka vera klar til bestilling. Eg tar sjansen på å dela eit par små elevtekstar som eg deler anonymt sidan eg ikkje har fått spurt dei om lov…

***

Glede

Skulen seier at glede er eit ord,
Vaksne seier at glede er motsatt av trist,
Andre seier gleda har ei vid grense.
Eg seier det er ein følelse.
Det kan ikkje samanliknast.
Det er eit grenselaust smil.

***

Helt stille
Hun satt der. Han satt der. De satt ovenfor hverandre. Det var helt stille. Hadde hun noe å si? Hadde han? Var dette en slutt? En begynnelse?
Vinden ulte ikke. Regnet trommet ikke på taket. Fuglene kvitret ikke. Var det trist? Var det lykkelig? Var det behagelig? De visste ikke.
Ingen av den hadde opplevd en slik stillhet. Til og med tankene var stille. De fløt ikke rundt i rommet. De skrek ikke ut noe.
Ingen pusting, ingen hjerte

Helt stille

 

Kanskje eg deler fleire tekstar seinare når eg har innhenta lov. Eg sit og høyrer på radio medan eg jobbar. Det er så mange fine program på NRK P2. Der er det masse å læra. Eg har alltid likt radio veldig godt.
Frank Robert lurde på om eg hadde nokre songtekstar som ingen hadde sett melodi til. Det viste det seg at eg faktisk hadde. Eg hadde nesten gløymt dei av, men dei låg her på bloggen. Kreativt samarbeid er veldig spennande. Ein veit aldri heilt kva som skjer. Eg hadde ein lang telefonsamtale med Sunniva. Nå er DUS- eventyret med eit teaterstykke som vart sett opp over heile landet. Det blir spennande å sjå korleis det blir med skrivinga hennar framover. Eg og Ingrid diskuterer og med jamne mellomrom idear me har til biletbøker. Kanskje eg får tid til å plukka ned nokon av ideane i sommar.

Nå har eg skrive i nesten heile dag, så nå vil eg ta dagen ned for landing. Dette er forresten litt av den gode middagen me hadde i dag. Ingrid visste om ein plass på Klepp der dei hadde nydeleg Thailandsk Take-home-meny. Det kan anbefalast.

 

image

I morgon er det ny arbeidsveke, ei av desse korte og intense vekene i mai med innlagd helgedag.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: