Skip to content

Dikt med smak av sommar

mai 11, 2015

image

Dette står det å lesa på Brynekyrkja si facebookside:

Kvinneforum i Brynekyrkja tirsdag 12.mai kl 19.30

Heidi Harboe skal bruke tekstene sine over temaet «Det handler om å leve». Elles blir det samtaler, sang, bønn og litt å bite i.

Håper du har lyst å koma og ta med ei veninne. Du er hjertelig velkommen.

***

Eg har ikkje heilt klart for meg kva eg skal seia, så det får eg bruka kvelden på å finna ut. Kvinneforumprosjektet er ein spennande tanke. I staden for å laga ei «forening» som møtest i heimane der ein er innanfor eller ikkje med, så er tanken at ein kan møtast i kyrkja til eit kvinnefellesskap der det alltid er plass til fleire. Eg liker tanken. Dei har hatt to møte, men det har ikkje passa for meg å vera med dei andre gongene. Sidan eg er bedd om å vera den som skal formidla noko, blir eg litt sjenert med tanken på å ringa folk eg kjenner og be dei bli med. Det einaste kravet for å koma er at du må ha «rett kjønn». Elles er alle velkomne. Eg kan jo by på eit av dei dikta eg har lyst til å lesa.

Nå har me venta så lenge på våren at det kanskje snart er sommarregn det som dagleg dusjar oss der ute. Sommarregn høyrest jo rett og slett litt koseleg ut. Jo, eg trur eg vil lesa om sommarregnet…

image

Sommarregnet

For alt det skjulte
ein aldri snakka høgt om.

For alle sår,
for nålestikk djupt under huda.

For alle tårer me skulle ha grått,
og alle nederlaga
som sette fortvila striper
med hard blyant
i ansikta våre.

For alt dette,
Skal sommarregnet falla.

Mildt og mjukt,
vått og rennande,
kaldt og reinskande
over kinn og hals,
over hjarte og rygg.

Ha tol, kviskrar regnet.
Ha tol
du oppreiste menneske under himmelen.

image

Og me kostar på oss litt meir sommar:

Me dekker bord midt i alle luktene,
oppvarma grillkol og sjasmin,
villroser og nyslått høy.

Dekkjer bord med fenikkel,
med sukkererterbelgar,
fulle av fullkomne, grasgrøne perler.

Dekkjer bord
med raude laukringar,
med olivenfarga auberginer
som sprengjer mot
det mørke skalet sitt.

Midt i det heile
legg me valnøttkjerner
og heller over salt og olje.

Me tenner mygglys
og takkar for natta,
for at ho ikkje har tenkt
å leggja seg på lenge.

Så fint at du kom,
seier du
eg svarer med å smila
eit sommardikt
eller noko liknande.

Ein hund spring gjennom graset
og lograr mot det heilage.

image

Eg kjenner at eg verkeleg lengtar til sommaren.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: