Gå til innhald

Kulde, regn og varme vafler

mai 9, 2015

image

Det er framleis ingen sommarvarme her, ullsokkar, fyr på peisen og varm jakke er gode greier. Yngstejenta til Torun er på russetreff i Kongeparken. Det såg kaldt ut. Ho er priviligert som kan sova heime hos mormor på Kverneland. Torun er og blitt med bort. Eg vart invitert til å vera med og kjøra to russejenter til Ålgård, etterpå hadde me tenkt å gå tur på stranda. Torun foreslo at me kanskje heller skulle besøkja mor når me først var på dei traktene, så kunne me sjå veret an. Me fant ut at det sikkert var tretti år sidan sist ho var hos foreldra mine. Mor stilde opp med det same og venta gjestfritt på oss med nysteikte vafler og kaffi i bestemor sine gamle koppar med sølvkant og forglemmegei. Me rømme, bringebær og blåbær vart det nesten litt 17.mai-stemning, sjølv om veret like gjerne kunne høyrt heime i november eller på julaften for den saks skuld, me er ikkje så nøye på årstidene her på Jæren. I stygt ver er det alltid koseleg å vera inne.

image

Sidan me var i lånt bil, reiste me heim til foreldra til Torun for å levera han tilbake. Der stod risgrauten klar, og eg vart invitert til å eta i lag med dei. Det var nesten som å skru klokka meir enn tretti år tilbake, det var eigentleg kjempekoseleg å driva på å besøkja foreldra til kvarandre igjen. Etterpå trassa me regnveret og gjekk tur på Frøyland. Utruleg nok høyrde me musikken frå Kongeparken heilt dit, så tydeleg at me kunne ha dansa til han om me ville. Innimellom låtane kasta ei mil gjennom lufta, høyrde me fuglesong. Me høyrde svarttrast, løvsongar, vipe, lerke og andre songarar me ikkje klarte å identifisera. Det var veldig fint å få ein heil dag i saman.

Eg håpar det er litt varmare for dei som er på russetreff enn det eg trur, for eg frys sjølv med masse klær og eit bål som for ei lita stund sidan brann i ovnen. Det er ganske mykje med russefeiring eg i grunnen har lite sans for, men for alle dei som har gleda seg i lange tider og betalt masse pengar for å vera der, så håpar eg at russetreffet blir ei fin oppleving. Eg har så vidt fått med meg debatten om russesongane som sjokkerer vaksengenerasjonen, og har i grunnen latt meg sjokkera eg og. Eg har mange tankar rundt dette, men på ein laurdagskveld trur eg rett og slett at eg skal la dei få liggja.

Eg veit at eg ofte har vore utolmodig frysande i mai, og så plutseleg blitt omfavna av varme og forsommar. Måtte det skje snart.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: