Skip to content

Omslutta av omsorg og kjærleik

mai 13, 2015

image

Høgdepunktet i dag var ein fantastisk konsert med det kenyanske frelsesarmekoret «Quarry Road Songsters». Det var musikk det verkeleg svingte av. Dei hadde ulike avdelingar, den første i frelsesarmeuniformar og den siste litt meir afrikansk i stilen. Det var afrikanske rytmar både i songen og i kroppane, og eg fekk flashback til den sommaren eg var i Morogoro i Tanzania og var i kyrkja i diverse anledningar.

Noko av det som gjorde størst inntrykk frå gudstenestelivet i Tanzania var mannen i dress som sprang opp og ned i midgangen og bles på eit gymfløyteliknande instrument. Det såg ut til å vera hans teneste i den kyrkja og eg mora meg med å tenkja ut kven i Bryne- kyrkja som ville vera kandidat til entusiastisk gymfløyteblåsing under gudstenestene. Dei hadde med ei slik fløyte i dag og, i tillegg til nokre andre instrument, men mykje av songen var a capella der stemmane la seg oppå kvarandre med ulike rytmar og harmoniar. Nå avslører eg kanskje at eg er veldig amatør når det gjeld musikkteori, men det får heller vera.

Dei hadde ein song om Kristi liding, krossfesting og oppstode der alle hadde kvar sin store kvite trekross som rekvisitt, og songen gjekk gjennom liding til jubel. På ein av songane vart overskrifta omsett til engelsk: «Run away from the devil», og dansen illustrerte at dei sprang vekk frå freistingar og vondskap med jubel, gymfløytetonar og eit afrikansk rytmeinstrument. Koret er inviterte gjester hos frelsesarmekorpset i Stavanger som feirer 125 års- jubileum. Fleire av dei hadde aldri reist med fly før. Det er fascinerande og fint å sjå  at dette og er frelsesarmeen, det er spennande med internasjonalt mangfald. Dei song for det meste på swahili. Eg oppdaga at eg kunne skilna nokre ord frå den gongen i Tanzania då eg prøvde å få litt tak på språket. Eg hugsa at rafiki betyr venn og at Mungo betyr Gud. Jesus, halleluja og amen, er jo rimeleg internasjonalt. Sjølv om me nok stort sett ikkje forstod språket, me som var i kyrkja, så kunne eg sjå at songen og formidlinga gjorde noko med oss som sat i salen. Eg kjende meg rett og slett omslutta av Guds omsorg og kjærleik og av glede. Betre er eg viss ikkje i stand til å forklara det.

 

image

Endeleg blømer kirsebærtreet skikkeleg. Dette året har det vore ein lang prosess før det kom så langt. I dag såg eg masse bier i treet. Etter alt snakket om at antallet bier og humler har sunke dramatisk, så ser eg på begge deler med nye og meir kjærlege auge… I dag gjekk me i «prøve 17.-mai-tog» på skulen med regndresser og luer. Utover dagen klarna det meir opp. Dessverre melder dei masse regn på 17.mai, men litt betre ver for oss som skal feira i Oslo. Det kan jo henda det blir betre enn dei melder… Men først skal me viss få eit par dagar med mykje sol, så det kan me sjå fram til. Det gleder meg alltid stort å vita at eg ikkje treng å vakna ti på halv sju av vekkjerklokka, slik er det i morgon.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: