16. mai
Etter hotellfrokost på Thon Munch gjekk eg og Leif opp til Sunniva på Bislett. Der fekk me avlevert bunaden og Haugtussa av Arne Garborg, så tok me jenta vår med oss. Først besøkte me Halvard sitt kollektiv i toppetasjen på ein gammal bygard på Valkyrien plass. Så tok me banen til Jar for å eta lunsj med familien i Bærum.
Der vart me serverte hummar og heimelaga sjampinjongpai i vinterhagen til Joffe. Ute regna det, men me sat i glashus og såg på kor fint det blømde ute i hagen.
Kvelden vart tilbrakt på Wallmans nede ved Akerselva. Det vart hovudfeiringa av mor og far sine 75- årsdagar. Denne Osloturen er presangen frå barn og svigerbarn til dei begge. Akkurat som i København i februar, så var det flott show og god firerettarsmiddag. Opplegget varte i nesten fem timar.
Nå gjenstår det 17.maifeiring på Karl Johan i morgon føremiddag. Vervarslet har vakla fram og tilbake, men akkurat nå ser det ganske bra ut.
Heidi
From → Barna mine, Kjærasten min, mai, Mor og far., Reiser