Gå til innhald

Mangt minnest eit menneske når kirsebærtreet blømer

mai 20, 2015

image

Overskrifta er eit haiku-dikt eg er veldig glad i. Dessverre er eg ikkje heilt sikker på kven som har skrive det, og eg er for trøytt til å sjekka det ut. Sjå kor utruleg vakker arbeidsplass eg har nå i mai. Skulebygningen frå 1922 kan sjåast i bakgrunnen. Dersom ein skal vera brutalt ærleg så går me rundt i dette landskapet og hutrar og lengtar som galne etter sommarvarme, eller i det minste litt forsommarvarme. Kanskje det er ei trøyst at i denne temperaturen så er både fruktbløming og bjørkesprett ein langsameleg prosess som me kan nyta i lange drag medan me beveger oss rundt i utetida på skulen med strikkejakkar i ull under varme ytterjakkar. Dei mest kaldblodige av oss vart til og med observerte med strikkevottar i matfriminuttet i dag.

I siste økta gjekk me ut med syltetøykrukker og forstørringsglas for å jakta på insekt, småkryp og edderkoppar. Me har eit spennande uteområde med masse høge tre, mange store steinar med skolopendarar og skrukketroll under, mange vindauge og dører med spindelvev i krokane, grønt gras der me kan finna biller og jord som eignar seg for markar. I det døde lauvet frå i fjor fannme nokre puppeliknande greier som eg ikkje heilt klarte å identfisera, og eit hol i ein trestamme låg det ein stor tigerstripete snegle og slappa av. Me gav opp å lokka han ut. Som ei av jentene sa; Han ligg der like søt og samankrølla som ein liten hundevalp. Det er fascinerande å sjå kva entusiasme dei aller fleste ungane går laus på slike oppgåver med. Her er det ein heil verden av liv like utanfor skuledøra som me vanlegvis ikkje tenkjer over i det heile tatt. Etter iveren å dømme var det nesten like kjekt som elefantsafari i Afrika. Det skal seiast at kulda nok har begrensa insektslivet ein heil del, men har ein auge å sjå med, så kryp det overalt. Nokre av jentene hadde kome over ein marihønesverm, og starta innsamlinga alt før dei kom på skulen i dag.image

 

Etter å ha blitt «angripne» av ein marihønesverm på sykkeltur i Danmark med små barn for meir enn tjue år sidan, så er eg litt halvambivalent til store samlingar av små damer i raude kjolar med svarte prikkar, men dekorative er dei, det skal dei ha…

I kveld skal eg ta ein veldig tidleg kveld med noko kjekt lesestoff. Denne gongen har eg ikkje lygekryss bak ryggen ein gong. Etter å ha lagt meg nærare eitt enn tolv dei siste fem dagane, så står det for meg som luksus å leggja seg grytidleg. Ein annan sak er at eg svært ofte vaser meg vekk med noko anna når eg har slike planar. Med hjelp frå min flinke og eiegode mann, så fekk eg send manus til bok med tekstar frå skapande skriving inn til forlaget i dag morges. Det er fantastisk å vera så langt komen…

På skrivebordet mitt maler det ein kosesjuk katt. Før helga klarte ho å sletta ein viktig mail frå ei dame som ville ha tillating til å bruka ein av tekstane eg har omsett. Mailen låg ikkje ein gong i mappa for sletta mail, så eg anar ikkje korleis det kan ha gått til. Gjennom detektivarbeid og felles kjende, så klarte eg å spora henne opp. Men forklaringa på korfor eg svarte så seint høyrest omtrent like sannsynleg ut som at hunden åt opp matteleksa…

Ute i hagen syng svarttrosten.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: