Skip to content

Buddha, røykjelse og rumpetroll

mai 21, 2015

image

Her er eit lite kvardagsbilete frå klasseromet. Det kan skimtast ein salig blanding av Buddha, rumpetroll, kirsebærblomar, norske flagg, blyantar, lyslykter og innlæring av skriveskrift. Eg kan nesten ikkje tenkja meg eit meir allsidig liv enn det du får læraryrket. Her er det raske skifte mellom moderleg omsorg, religionsvitenskap, opplevelsar, forteljing, diktskriving, grensesetjing, humor, frustrasjon, tålmod og kreativitet. Heile tida skjer det noko, og heile tida skal ein ta fortløpande avgjersler om korvidt det er greitt at nokon får lov til å gå på do eller drikka vatn akkurat nå, om den som ikkje klarer å få hol på ei oppgåve skal få gjera noko meir tilpassa, om du skal skjenna, le eller trøysta når nokon kastar oppgåvearket på golvet i rein frustrasjon, om elevane får lov til å ta med seg ein banan ut i skulegarden, om alle må ha på regnbukse fordi det ser ut som om det snart kjem til å regna, om du skal tillata at dei fletter håret på kvarandre medan dei lyttar, og om me har tid til at nokon kan fortelja ein vits eller ei gåte akkurat no.

For dei som ikkje er insaidarar, har eg tenkt å røpa nokre hemmelegheiter her og nå. Den første er at du som lærar blir hjelpelaust glad i elevane dine. Etter kort tid er du ute av stand til å betrakta dei med eit heilt objektivt blikk. Nokre gonger kjenner du deg som Napoleon; Du løyser konfliktar du aldri trudde du skulle koma til botnen av, du klarer å fenga barna med ei forteljing og tenner lyset i auga deira, du har gode nære samtalar med foreldre og kjenner sterkt at de står saman om å villa dette barnet sitt beste. Du finn ein metode til å få nokon til å få til noko dei aldri hadde tenkt dei kunne klara. Du møter gamle elevar som klemmer deg på gata og fortel kor godt dei hugsar kor fint det var å sitja tett saman i mørke vintermorgonar og lesa høgt frå ei bok.

Men det finst og ei skuggeside. Du tek med ujamne mellomrom deg sjølv i å tenkja at du er eit menneske som nok aldri burde ha sett dine vaksne bein i eit klasserom. Du blir plutseleg usikker på om du har klart å læra eit barn det dei har krav på å få læra. Du blir så ivrig at du plutseleg oppdagar at støynivået i rommet er alt for høgt og at elevane nesten klatrar oppover veggene utan at du eigentleg har lagt merke til det. Du sit der og fylgjer læreplanen så godt du kan, og tenkjer at for nokre barn kan læringstrykket bli for høgt, dei kan mista sjølvtilliten og trua på at dei kan klara fordi strikken blir strukken for langt. Du stansar plutseleg og lurer på om du har klart å ta det enorme ansvaret det er at du er den vaksne som faktisk har plikt til å passa på at alle barn har det bra,at alle skal få læra ut frå eigne føresetnadar, at alle skal respekterast for den dei er, og at ingen skal bli mobba eller plaga.

Læraryrket er eit yrke med eit utruleg spenn. Det gir stunder med sterk og intens glede, og det gir stunder med kjensle av frustrasjon og tilkortkoming. Det gir ei kjensle av å vera intenst levande og det gir ei kjensle av å vera sårbart ansvarleg. Eg grip meg ofte i å tenkja at her står eg med ei samling levande menneske. Dei er dei dyraste skattane foreldra deira har, og me er betrudde å ha dei i vår varetekt kvar dag i skuleveka, i veker månadar og år. Me skal gje dei evna til å meistra livet som det står så fint i føreskriftene. Det er nå dei har barndomen sin. Det er dette dei skal hugsa og bera med seg ut i vaksenlivet. Det er dette som skal vera fundamentet dei skal byggja resten av livet sitt på, for barndomen får ein aldri om igjen. Det er nå dei skal læra å bli ansvarlege, nestekjærlege og solidariske. Det er nå dei skal byggja haldningar som dei skal ha med seg ut i samfunnet. Det er nå dei skal oppleva meistringsglede og bli sterke og rakrygga, det er nå dei skal oppdaga at andre menneske er like viktige som dei sjølve.

Hekdigvis liker eg å vera saman med ungar. Eg liker framleis å leika, le og skapa. Eg tenkjer at vaksne som ikkje har oppdaga at barn er fantastiske menneske å kommunisera med, omgje seg med og filosofera saman med, har gått glipp av noko stort.  Ein av utfordringane er at eg ofte skulle ynskja at eg var ein blekksprut. Eg skulle hatt minst åtte auge til å sjå med, åtte øyre til å høyra med, åtte armar til å leggja rundt små kroppar og til å dytta dei vennleg, men bestemt i gang med oppgåver, og eg skulle hatt åtte armar til å stryka over kinna med, setja grenser og knyta joggesko med, og til å dra opp glidelåsar og skrella bananar med.

Om det måtte vera nokon som les dette som går med utdanningsplanar, så er likevel mitt råd som fylgjande: Ikkje høyr på dei som seier at læraryrket er for dårleg betalt, for slitsamt og for frustrerande. Det kan tenkjast at det er noko sant i det, men samtidig så er det det mest levande og fantastiske yrket eg kan tenkja meg. Du kjem til å le mykje, du kjem til å få leika mykje, og du kjem til å møta utruleg mange flotte og interessante menneske du kan byggja relasjonar til. Svært mange av dei er framleis veldig unge.

Heidi

From → Skule

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: