Gå til innhald

Lengtingsvise i mai

mai 22, 2015

14023728314_171630cd80_b Lengtingsvise i mai

I maidagar som kjem i grått med hutring, regn og vind,
når trea held på knoppane,og katten helst vil inn,
når regnklede blir kvardagsdrakt og vottane er på,
må pulsen dunka lengtingstrøytt mot våren som er nå.

For våren går mot sommaren og snart er juni her,
sjå kirsebæra blømer kvitt og sommaren er nær.
Om regnet silar utan stans og vinden bles deg skakk,
så smiler du mot kvitt og grønt, og mumlar ein slags takk.

For visst skal det bli sommar snart, og visst skal sola le.
Du har jo levd her lenge nå, og veit at slikt kan skje.
Ein stad bak vind og høljeregn skal sommaren bli blå,
skal solvind varma ryggen din og sommarhjartet slå.

For me er barn av nordavind av tolmod, lengt og tru,
me føddest her på Jæren, og me veit her skal me bu.
Og dei som ventar lenge nok, skal kanskje ein gong få,
i mellomtida lengtar me og smiler mot det grå.

Heidi

From → mai, våren, veret, Viser

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: