Skip to content

Desse ikkje heilt konforme barna

mai 29, 2015

image

Eg har alltid hatt eit spesielt hjarte for barn som ikkje glir rett inn i skjema, tabellar og A4- format. Kanskje ein av grunnane er at eg kjenner meg såpass att i dei at eg til ei viss grad forstår vegringa deira for å vera i rammene me har sett rundt dei.

Dette betyr på ingen måte at eg ikkje synest dei treng rammer, det gjer me alle saman. Utfordringa er snarare korleis me kan skapa gode rammer rundt barn som har dette behovet i seg for å bryta grenser og for å få sleppa å alltid kjenna at nokon vil bestemma i detalj kva dei skal gjera.

Sjølv har eg såpass mykje av dette i meg at eg alltid mislikte det når ein lærar kom med to vattkuler, to gule fjør og eit ferdigklipt pappnebb og fortalde oss at nå skulle me mala kulene gule og laga kvar vår heilt nøyaktig like påskekylling. Ein gong gav vår snille «frøken» Gerd Signy meg lov til å mala min kylling i ein annan farge. Eg hadde stor glede av det, men eg innsåg nok til ei viss grad etterpå at dei andre sine var vel så fine. Framleis vegrar eg meg når me planlegg jule- og påskeverkstad på skulen og nokon seier: «Dei kan få laga dei koselege vattkulenissane på ski». Så lagar alle heilt like nissar, som læraren limer saman med limpistol slik at barna ikkje skal brenna seg. Når nokon foreslår at me skal ha ein fast plan over kva slags nissar og englar dei lagar på gitte klassetrinn kan eg og få ein nesten trassreaksjon. Eg vil i alle fall få lov til å finna på sjølv, gjerne i lag med elevane, kva dei skal laga på juleverkstad.

Eit år med juleverkstad-stasjonar, melde eg meg til å ha engleverkstad. Der skulle elevane få sleppa å masseprodusera etter oppskrift. Eg sette fram korger og kassar med stoffbitar, garn, ståltråd, perler, ull, knappar og alt eg kunne finna av godsaker i formingsavdelinga. I tillegg trur eg eg hadde med meg både tome trådsneller, dorullkjerner og eggekratongar heimefrå. Sjølv ville eg ha elska den typen formingsoppgåve, og det gjer eg vel i grunnen framleis. Eg lærde noko viktig den dagen. Mange av barna vart usikre og tafatte. «Kva skal me gjera her?» «Me skal laga englar!» «Men koss skal me laga dei?» Eg kom med idear og hjalp til så godt eg kunne, men fleire av barna sleit med å koma i gang. Ein del barn gjekk stolte heim med ein veldig heimelaga engel, andre sende nok misunnelege blikk mot dei som hadde fått laga den tradisjonelle vattkulenissen på ski… Og etter at dei andre lærarane hadde samla saman overflødige vattkuler og ispinnar i små boksar gjenstod det ca to timar med rydding på min engleverkstad…

Eg oppdaga altså, etter sikkert ti år i skulen at svært mange barn trivest med ei oppskrift og eit fint resultat… Og den handverksmessige sida av kunst- og handverksfaget skal ein sjølvsagt ikkje undervurdera. Likevel gleda det meg storleg då son min ein gong kom heim med ein engel som i grunnen likna meir på eit romvesen enn ein engel. Eg såg kva læraren hadde tenkt, for eg kjende modellen att, men eg såg og at han hadde fått lov til å utforma det på heilt sin eigen måte.

To av mine ungar har vore så kreative at det sikkert var på grensa til det pedagogisk utfordrande. Dei var L-97 barn begge to og hadde romslege lærarar, det var i grunnen fint for dei. Dotter mi insisterte på å gå i kjole kvar dag i fleire år gjennom barndomen. Med tightsar og stillongsar let det seg gjera. Grensa gjekk ved lakksko på føtene, så det måtte eg ta mine harde kampar på. Då denne jenta begynte i seksårsgruppe på skulen spurde eg om dei andre gjekk i kjole. Ho såg på meg og spurde «Korfor i all verda spør du meg om det?  Korfor skulle eg bry meg om kva dei andre liker å kle seg med?» Då ho kom i korpsalder spurde eg om ho ikkje hadde lyst til å begynna i skulekorpset. Der hadde storebroren vore med i mange år og stortrivdest med det. Ho stilde meg to motspørsmål: «Trur du eg vil gå i uniform?» og «Trur du eg vil gå i korps?» Då eg tenkte meg om var svaret på begge desse spørsmåla eit rungande nei. Eg maste ikkje meir om korps.

Ingen må forstå meg dithen at ungar skal få lov til kva som helst og at ungar under merkelappen «ekstra kreative» skal kunna få stor grad av særbehandling. Mennesket er meir enn noko eit flokkdyr og treng å læra om både å fylgja flokken og å ta vare på kvarandre. Det er ikkje det eg snakkar om.

Nå er det veldig inn i tida at me skal operera med kriterium for alle slags arbeid og oppgåver på skulen. Mykje med dette er veldig bra. Eg meiner likevel at me alltid må ha i bakhodet at me ikkje skal begrensa dei så mykje at det ikkje blir rom for kreativitet. Dersom ein gir sju kriterium for korleis ein skal skriva ei novelle, så kan nokre elevar oppfylla alle kriteria og dermed kvalifisera for toppkarakter. Andre kan slita med å halda seg innanfor rammene, men likevel levera eit produkt med nesten forbausande stor grad av litterær kvalitet. Skal den eleven då få ein dårlegare karakter enn den som skreiv ei novelle med oppfylde fagkriterium som kanskje eigentleg aldri heilt tok av og fekk venger å fly med? Eg har lyst til å be ei lita bøn for barn som har ekstra stort behov for å få lov til å gjera ting på sin eigen måte, bare ei bøn i all beskjedenheit om at dei av og til må få lov til å finna sin eigen veg.

Eg har møtt mange elevar gjennom lærarlivet mitt som har hatt fantastiske eigenskapar og vore veldig kreative, men slite med å få plass i ei ramme. Eg er overbevist om at både lærar og elev kan koma lenger saman dersom ein av og til kan la dei få litt meir plass til vengeslaga sine. Dette betyr på ingen måte at dei skal få lov til alt. Det betyr bare at ein av og til kan seia at nå ser eg at du har lyst til å løysa denne oppgåva på ein annan måte, og det får du faktisk lov til i dag.

Eg har i det siste lese fleire John Lennon- biografiar. Eg les både på og mellom linjene at han var eit barn som var til stor frustrasjon for vaksne og ikkje minst for lærarar. Han var ein gut som andre barn fekk beskjed om å halda seg unna fordi dei bare ville bli innblanda i bråk dersom dei var rundt han. Kor godt han klarte seg som vaksen kan diskuterast. Han sleit i store deler av vaksenlivet med overforbruk av rusmiddel og med manglande impulskontroll. At han var uvanleg kreativ og hadde store kunstnariske evner er det ikkje tvil om. Kunne han ha profittert på å ha hatt det romslegare på skulen? Det får me vel aldri vita, men kor langt dei kom med det gamle engelske skulesystemet med veldig autoritære lærarar og spanskrøyr når dei fann det naudsynt ,kan vel og diskuterast.

Sjølv var eg så pass mykje «snill pike» at eg aldri hadde problem med å godta dei rammene me fekk på skulen. Likevel har eg framleis ikkje heilt oppdaga at det veldig ofte er lurt å fylgja ei strikkeoppskrift eller ei matoppskrift til punkt og prikke. Det er jo så mykje kjekkare å eksperimentera litt og sjå kva som skjer. Og framleis har eg ikkje blitt glad i kryssord, sudoku og sjakk av same grunn som gjorde at eg ikkje likte så godt matematikk på skulen. Det kjendest bortkasta å bruka tida si på slikt som nokon visste svaret på frå før, det var mykje kjekkare å laga heilt nye ting som ingen visste kva skulle bli til slutt. Først i vaksen alder oppdaga eg kor mykje kreativitet det finst i matematikkfaget. Kanskje eg hadde likt det betre dersom eg hadde oppdaga det før. Heldigvis så kunne eg ta meg ut på å skriva stilar nesten utan ende og begrensningar. Eg hugsar ein gong, kanskje det var i tredje klasse at eg teipa ei lita bunke brevark fast bakerst i skriveboka. Eg hadde bare fem sider att i boka og det var jo alt for lite når eg skulle skriva ei forteljing. Takk til lærarane mine som orka å lesa 16-18 sider med forteljing og skriva under at det var bra fortald. Eg burde nok ha lært meg begrensning, det prøver eg tappert å læra meg som vaksen.

Framleis kan eg ha denne flokkvegringa i meg. Ein periode sat «alle» på personalromet og hekla blomar til heklesjal. Eg har aldri hatt så lite lyst til å hekla sjal som eg hadde akkurat då. Store deler av familien min finn stor glede i å spela golf. Sjølv kan eg nesten ikkje tenkja meg ein fritidsaktivitet eg har mindre dragning mot. At det kanskje og kan ha med motorikk å gjera, treng eg jo ikkje å skriva her…

Kva ville eg med denne teksten, då mon tru? Det stod heilt klart for meg då eg begynte å skriva. Kanskje det rett og slett var å for å seia: Ikkje gi barn trongare rammer enn det du er sikker på er godt og tenleg? Og ikkje gløym å vera glad i og ha respekt for dei barna som ikkje klarer å forhalda seg til gode og tenlege grenser ein gong. Dei treng det meir enn nokon. Korleis skulle Pippi Langstrømpe ha klart å fungera om alle var som frøken Prysselius?

Heidi

4 kommentarar
  1. Så fin tekst, Heidi 🙂

  2. Takk for fint innlegg! Heilt einig. Trur og at markedskreftene fordummar oss litt, type at barn berre kan hoppe hoppetau om dei har eit regnbuefarga tau med handtak eller berre kan leike visse type leikar dersom dei har ulike kommersielle produkt dei blir fortalt vi treng. Kva skjedde med å bruke fantasien? Det er kjempeviktig å utfordre og gje rom for kreativitet, både for den kreative og den som ikkje er det. Det gjeld hos oss vaksne og :).

  3. *dei blir fortalt at dei treng:)

  4. Dette likte jeg veldig godt, Heidi!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: