Gå til innhald

Omfamna av sol etter heftig revyettermiddag

juni 4, 2015

image

Det var alldeles nydeleg å koma ut i sola tidleg i kveld etter ein dag på jobb som gjekk over i ein ettermiddag med revyøving. Dei siste vekene har eg oppmuntra meg sjølv med at nå kan det skje kor tid som helst, og i dag varma sola og eg kjende det var sommar. Så stod me der i sola, eg og Stig og Helen og hadde det i grunnen ikkje travelt med å koma oss heim. Helst ville eg ha lagt meg langflat på asfalten, eller i det minste sett meg ned med ryggen mot ein mur eller vegg, men så varmt var det vel strengt tatt ikkje, og det å leggja seg ned på magen eller ryggen på fortauet er vel på grensa til kva rektig vel bevarte damer som har fyllt femti gjer det og…

I det siste har eg vore skikkeleg opphengd på å sjekka veret på yr. Skal det regna i utetimen vår? Kjem det til å la seg gjera å steikja vafler ute i med elevane i dag? Kjem såpeboblene me skal blåsa i naturfagtimen til å regna vekk? Skal det framleis regna heftig på laurdag når eg skal på skrivetur med elevane. Det siste eg gjer er å sjekka langtidsvarselet for å sjå om dei har meld at temperaturen skal vippa over ti eller tolv eller tretten grader i løpet av den komande langtidsperioden. Det har ikkje sett så lyst ut, men nokre gonger er verkelegheita betre enn sitt rykte og sine spådomar. Me fekk blese såpeboblar i førti minutt før regnet kom og i dag vart det utetime og vaffelsteiking etter at me har jobba med sjangeren matoppskrifter i norsktimane. Før vaflane var serverte rakk eg å bruka tid saman med tre gutar som hadde laga hus til ei marihøne med hage av gras og ei seng av løvetanndryss. Det er så fascinerande å oppdaga verda i lag med ungar. Eg synest at Olle Adolphson har eit poeng når han syng at «Barn er ett folk och dom bor i ett fremmande land…»

Det gåtfulla folket

Barn är ett folk och de bor i ett främmande land, detta land är ett regn och en pöl
Över den pölen går pojkarnas båtar ibland och de glider så fint utan köl
Där går en flicka som samlar på stenar, hon har en miljon
Kungen av träd sitter stilla bland grenar i trädkungens tron
Där går en pojke som skrattar åt snö
Där går en flicka som gjorde en ö av femton kuddar
Där går en pojke och allting blir glass som han snuddar
Alla är barn och de tillhör det gåtfulla folket

Barn är ett folk och de bor i ett främmande land, detta land är en äng och en vind
Där finner kanske en pojke ett nytt Samarkand och far bort på en svängande grind
Där går en flicka som sjunger om kottar, själv äger hon två
Där vid ett plank står en pojke och klottrar att jorden är blå
Där går en pojke som blev indian
Där, där går kungen av skugga runt stan och skuggar bovar
Och där fann en flicka en festlig grimas som hon provar
Alla är barn och de tillhör det gåtfulla folket

Barn är ett folk och de bor i ett främmande land, detta land är en gård och ett skjul
Där sker det farliga tågöverfallet ibland, vackra kvällar när månen är gul
Där går en pojke och gissar på bilar, själv vinner han jämt
Fåglarnas sånger i olika stilar är magiska skämt
Där blir en värdelös sak till en skatt
Där, där blir sängar till fartyg en natt och går till månen
Där finns det riken som ingen av oss tar ifrån dem
Alla är barn och de tillhör det gåtfulla folket

Olle Adolphson

Elles kan eg melda at eg trur personalrevyen kjem til å bli fin. Sjølv snubla eg litt i teksten på den siste gjennomkjøringa, så eg får nok øva tekst i helga til eg nesten kan framføra rappen i søvne. Det er nok å vera ukonsentrert i eit sekund, så kjem eg ut av både ordflaum og rytme. Men ein får ta litt sjansar av og til.

Då eg kom heim var eg sliten på ein god måte både i hovudet og i kroppen. Eg la meg flatt på sofaen i eit kvarters tid, og det lukta så godt av blomar i stova. Eg har sjeldan hatt så mange fine blomar som akkurat nå, nokre har stått fine heilt sidan me feira bryllaupsdag og gebursdag og andre har me fått i samband med kurs, avslutningar og diverse. Det er ikkje så dumt å ha sommar inne når det er litt for kaldt for hageliv.

image

image

image

image

image

Og dersom nokon skulle lura på kven dei blomstrande damene på det øverste biletet er, så kan eg røpa at det er mine kjære kolleger Helen og Kari i rolle i revynummeret «Mødre på treningsstudio». Dei er rett og slett flinke skodespelarar begge to.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: