Gå til innhald

Ryddetid

juni 17, 2015

18854239666_7ca3274a24_o(1)

 

Det er ryddetid. Heime kan ein sjonglera med og utsetja ryddetidene litt om ein føler for det. Slik er det ikkje på jobb. Innan 17.juni skal arbeidsbordet vera rydda og hyllene tømt. Klasseroma skal tømast medan barna framleis er der, og festegummien skal skrapast av veggene. Meir habile og entusiastiske ryddarar enn meg, spring i gangane med rette ryggar, besluttsame blikk og tunge kassar i armane. Dei har til og med ein viss glød i auga som seier sånn omtrentleg: «Du all verda så kjekt det er å kvitta seg med gammalt rot, erobra nytt land og nytt klasserom og gå ferien frimodig i møte.»

Me elendige ryddarane snik oss litt duknakka omkring og prøver å lata som om me veit kva me held på med. Me lurer eigentleg på kor me har lagt bokinnleveringslistene, og elevsamtaleskjema som skal inn i rett omslag i rett mappe, som forøvrig skal vera rydda etter visse kriterium. Me smiler litt unnskyldande og mumlar at det er klart folk kan forsyna seg med hyller, datamaskina, skap og pultar dersom dei treng dei. Ein gong i framtida skal nok me og vera klare til å tenkja på neste års  klasserom, me er bare ikkje der på veldig lenge endå, og det prøver me å skjula så godt me kan, medan me forgjeves prøver å logga oss inn på diverse arenaer som skulle liggja der ein plass dersom bare passordet me har brukt ein halvtime på å finna i gamle mailer kunne tenkjast å fungera.

Nokre av oss har vore med på dette tretti gonger før, og erfaringane seier oss at dette overlever me. Me kjem nok i mål, det blir sommar i år og. I år fell ryddeveka på skulen saman med at eg har ansvarsveke for rydding på arbeidsromet vårt. I det eg tømmer papirkorgene oppdagar eg eit og anna som får meg til å tenkja at»Det der kan me jo bare ikkje kasta…» Eg skal ikkje røpa meir enn at eg ende med å bera noko bort på mitt arbeidsbord, som nesten var i ferd med å bli rydda, før eg sleper to blytunge sekkjer med søppel ned til den raude og den blå containaren.

Eg priser meg lukkeleg for at me har stødige ryddarar som kan losa oss villfarne sjeler sånn nokonlunde i hamn. Her er det lite rom for å sleppa unna, eit utfylt avkrysningsryddeskjema skal leverast administrasjonen før me tek ferie. I dag var eg på jobb til halv seks og rydda skrivebord og papirbunker. Eg kasta til og med ein pose gamle vekeblad som det framleis var nokre sider att som kunne brukast til utklipp. Det gjorde litt vondt, men eg let det stå til. Eg har og kasta elevarbeidsbøker der det var eit par ugjorde sider.

Fordi eg er eit ærleg menneske, så føler eg meg forplikta til å fortelja at i år får eg faktisk behalda same arbeidspulten til neste skuleår, eg må bare passa på å avtala med vaskepersonalet om kor vidt eg skal rydda han med heilt reine overflater slik at dei kan vaska han for meg, eller om eg skal gjera det sjølv. Det skal nemleg kryssast av for det i skjemaet. I år slepp eg den lange vandringa i korridorar med handlevogner fulle av jordisk lærargods på veg mot nye landområde.  Eg har heller ikkje hatt ein einaste time i år der eg administrerer heile skuleklassar i bering av bøker, kassar, stolar, skuffer og det som verre er. Det har eg klart å sjarmera meg ut av. Så kva har eg då å klaga over? Eigentleg ingenting… Eg bare konstaterer at eg nærer ein ekte og djup, og kanskje litt misunningsblanda respekt for dei verkelege drivne og driftige ryddarane blant oss. Eg er definitivt ikkje ein av dei, men eg lovar å gjera så godt eg kan… Og i år har eg framleisyh ikkje opplevd det eg opplevde eit anna år, nemleg å finna ytterjakken min, som eg optimistisk hadde hengd frå meg i garderoben om morgonen, i ein haug med klede som skulle til fretex før kvelden dersom ikkje eigarane melde seg… Nå må eg bare hugsa å fjerna koppen min frå kjøkkenskapet før eg tek ferie. Kanskje eg blir klar til akkurat det i morgon ettermiddag allereie? Det har eg nesten litt god tru for. Og så skal eg med det som måtte vera att av klarheit i blikket og eit triumferande og trøytt smil levera avkrysningslista mi inn.

Eg er akkurat så sliten som eg alltid er i veka før skuleslutt og det betyr at livet er i rute. Elles så har me det «helste godt» med godsaker på bordet på personalromet kvar einaste dag og veret har vore på nokonlunde rett plass på grilldagar og fotballturneringsdagar. Kor lenge eg skal ha fri frå jobb når eg har karra meg over målstreken, vågar eg ikkje snakka høgt om.
aq

Skål for juni og ryddetid!

Heidi

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: