Gå til innhald

På veg til kvilepulsen

juni 19, 2015

18854306006_43d684e8a2_o

Erfaringsmessig så tek det ei vekes tid å landa etter eit fullgått skuleår. At ferien har kome har ikkje gått heilt opp for meg endå. Etter mange veker med fullmøblerte dagar der eg veit kva som skal skje, og kva som skal ytast nesten frå halvtime til halvtime, opnar det seg nå eit ope landskap av tid som ikkje er planlagd, og dagar der ein godt kan spasera omkring utan klokke og mobiltelefon. Det er kveldar der ein med bortimot godt samvit kan vera oppe så lenge ein har lyst,  og morgonar utan vekkjarklokke. Det siste er nesten det som gir aller mest feriefølelse for meg. Nå skal eg langsomt rydda vekk dei travle dagane, eg skal ta hand om det vesle flyttelasset med objekt som ikkje kan vera på skulen i sommar, og eg skal pakka ut kofferten med rekvisittar frå sundagsskulen sist sundag, som eg fram til nå ikkje har rukke å forhalda meg til.

Nå skal det blir romslege tider, eg skal bare vera medarrangør til eit bryllaup om to veker, men dei førebuingane det inneber ser eg på som rein glede. Og elles? Ja, etterkvart skal me reisa litt, men akkurat nå anar eg ikkje ein gong kor tid me skal setja opp teltet på Korsveifestival i Seljord eller kva for ein dato me har flybillettar til Riga. Det skal eg finna ut når den tida nærmar seg, og det kjennest heilt ok akkurat nå. Elles så har eg tenkt å rydda hus, mekka hage, plukka blomar, lesa bøker, skriva ferdig den nye diktsamlinga, gå og sykla lange turar, la dagane bli det dei blir og nyta alle dei flotte menneska eg reknar med at sommaren min kjem til å vera full av. Eg skal bare landa litt først. Læraryrket er intenst, altoppslukande og fantastisk, og den lange sommaren er ein utruleg fin del av det. Det vel eg å vera heilt open om. Så lenge me har denne ordninga så har me moglegheit til å henta oss skikkeleg inn før me kastar oss med hud og hår og joggesko inn i neste skuleår.

Nå er det sommar sjølv om ungane i andre klasse sat i sandkassen og leika med både regndress, lue og vottar denne veka. Eg kan aldri før hugsa at me ikkje har hatt ein einaste skikkeleg sommardag i lag med barna før me sender dei på ferie.  Sommaren skal eg nyta uansett, og skulle varmen koma sån etterkvart, så får me sjå på det som rein bonus.

Heidi

From → barn, Skule, sommar

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: