Skip to content

Kyrkje og bar

juni 20, 2015

image

Søndag i Sevilla

Kvinnene vandrer i kirke
mennene går til en bar.
Det synes å være den samme
drømmen de begge har.

Det stiger et varmt Te Deum
opp fra de slitte hus,
hvor mennene kjøper, med fastenever, en flyktig rus.

Det stiger fra katedralens
skygger en vennlig brann,
der kvinnene løser sin mørke
angst i et viet vann.

Det synest å være den samme
viljen til evig svar-
Kvinnene går i kirke
mennene står på en bar

Ernst Orvil

 

Då eg i september 1982 som medlem av Bokklubbens lyrikkvenner mottok ei ny diktbok, var Ernst Orvil eit ukjend namn for meg. Eg likte dikta hans, dei var annleis, leikne og litt rare. Diktet over gjorde inntrykk på meg. Det provoserte meg og. Som glødande ungt truande menneske, så syntest eg kanskje at samanlikninga mellom kyrkje og bar var litt plump og misforstått. Eg skreiv aldri dette diktet inn i den handskrivne boka med dikt eg likte. Likevel har eg aldri gløymt det. Det einaste eg ikkje hugsa var at dette foregjekk i Sevilla.

Som godt og vel vaksen, så opplever eg framleis at diktet, som eg rota fram fordi eg siterte Ernst Orvil i går, gjer inntrykk på meg. Det gjenspeglar denne lengten etter noko som kan gje oss eit løft, som kan gjera kvardagen finare, meir fargerik og meir levande. Det fortel om ein plass som tek i mot oss og liva våre og avlastar oss frå angsten og alt me ber som tyngjer oss ned. Me treng eit løft frå det trauste og kvardagslege.

I går høyrde eg Finn Skårderud på radioen. Han er ein klok mann, og det han sa var interessant. Han snakka mellom anna om det å tenkja positivt. Sjølv var han overbevist om at det låg stor kraft i det å tenkja positivt, likevel meinte han at det låt ein fare i det for det overfladiske. Det triste og vonde og negative finst, dersom me later som om det ikkje finst, får me aldri snakka om det, og i dei gode samtalane ligg det både lindring og moglegheit til å bli klokare.

Då eg utdanna meg i forteljarteknikk hadde me ein foredragshaldar som sa at me aldri må frårøva barn det møtet med vondskap som ligg i eventyra. Sjølv små barn har erfart og veit at det vonde, triste og leie finst. Forteljingane der troll og annan styggeskap må tapa i kampen mot det gode gjer dei verktøy til å takla det som er vondt og til å akseptera livet som det er. Ho var skeptisk til den trenden som hadde vore på åtti- og nitti-talet der alt skulle harmoniserast. Ho meinte at dersom alle dragar og troll i forteljingar for barn eigentleg bare oppførde seg dumt bare fordi dei var einsame og misforståtte, så ville me dekkja over at vondskapen finst, at det finst troll og makter som ikkje kan trøystast og temjast med ein sjokolade eller ein god klem.

Nå får me tilgi Ernst Orvil kjønnsrollane i diktet. Dette foregår i Sevilla, og i eit anna århudre. Likevel kan eg sjå at han faktisk har eit poeng. Me er alle på jakt etter gode kvilestadar det me kan løftast opp og få sjansen til å gløyma eventuelt å akseptera. Sjølv opplever eg det langt meir naturleg å gå i kyrkja enn på bar, men verda er jo faktisk blitt slik i dag at det eine ikkje utelukker det andre.

Sidan eg er kome så langt i ressonnementet mitt, så kan eg jo anbefala kyrkja sjølv om Ernst Orvil ikkje gjer det. I boka «Eat, pray, love», som og er filmatisert, får me vera med forfattaren på ei biografisk reise på jakt etter sjelefred og sanning. Reisa går mellom anna til eit buddhistkloster på Bali. Det eg merka meg er at forfattaren seier at først då ho kom heim slo det henne at ho kanskje kunne ha funne mykje av det same i kyrkja like nede i gata. Eg las boka på engelsk, og stussa umiddelbart over den norske tittelen «Spis, elsk, lev.» Først såg eg ikkje kva det var som ikkje stemde, så oppdaga eg at ordet «pray» hadde falt ut til fordel for det norske ordet «lev». Det fekk meg til å lura på om bøn var det siste tabu i eit land der det meste er lov og det meste kan seiast høgt. Var det litt sidrumpa og usalgbart at hovudpersonen dreiv med denslags? Eg har ikkje spurt verken omsetjar eller forlag, så svaret på akkurat det kan eg ikkje leggja på bordet.

Eg tenkjer og i ei tid der mange er opptekne med mindfulness og meditasjon, at dette har jo vore straumar i kyrkja til alle tider. Kyrkja forvaltar mykje visdom og mange mysterium som for veldig mange menneske i Norge er godt skjulte. Sjølv må eg innrømma at eg i svært liten grad har utforska dei mysteria som ein kan få del i på barane. Så pass ærleg må eg vera…

Heidi

 

From → Poesi, Tru

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: