Skip to content

Prosjekt «Brudens mor».

juli 1, 2015

image Det begynte i påsken. Torhild og eg levde late dagar med kaffi, gode bøker, lange samtalar og varme boblebad ute. Medan me sat med bordet i ein av dei lange fortrulege samtalane sa Torhild plutseleg: «Koss skal du ha håret i Ingrid sitt bryllaup?» Lett overrumpla svarte eg at det hadde eg ikkje ofra ein millimeter av ein tanke på, men at eg gjekk ut i frå at eg skulle ha det omtrent som eg alltid har det. Rett ned og i pannelugg. Ho rista på hovudet: «Nei, då må du gå til frisør og gjera deg litt ekstra fin til ære for Ingrid». Eg sa at eg sikkert ikkje ville kjenna meg som meg sjølv med kunstferdig oppsett hår og masse sminke. Det viktigste for Ingrid måtte då vera at mor var mor. Ho rista lett beklagande på hovudet og sa at det var ho ikkje einig i. Nokre dagar var så spesielle at me og godt kunne framstå i ein litt forbetra utgåve av oss sjølve.

Eg smilte litt. Sjølv er ho ekspert på å få kunstferdige flettefrisyrer og forseggjort manikyre, men det er ikkje heilt mi greie. Ho meinte at dette var eit område i livet der eg hadde litt å læra. Kanskje ho tenkte heilt tilbake til ein junidag for snart trettifem år sidan, då eg var forlover for henne, og det lange nyvaska håret mitt lukta intenst av «Brute for men»? Eg hadde nemleg ikkje tenkt på å ta med meg hårsjampo då eg reiste heim frå Kristiansand for å gå i bryllaup, og far sin sjampo var det som stod i dusjen.

Då eg kom heim, nemnde eg for Ingrid at «Torhild vil senda meg til frisøren for å få frisyre til bryllaupet ditt.» Dotter mi nikka ettertenksomt. «- Det synest eg du skal gjera, mor.» Etter ei stund blei eg fortald at mor til brudgommen skulle til frisøren, og at det var fint viss eg og bestilte time. Eg har med jamne mellomrom fått spørsmål om kor vidt frisørtimen er bestild, så til slutt måtte eg bare gjera det. Eg var såpass seint ute at  eg måtte bruka ein annan frisør enn eg pleier, men det blir sikkert fine greier. Eg har sagt at håret ikkje skal setjast opp, men kan flettast litt forsiktig og glattast.

Tidleg i vår ein gong var eg hos Eva Mari i Bærum. Me fann ut at me skulle kikka litt etter bryllaupskjole til meg, sidan ho er min beste og mest rutinerte kleskonsulent. Eg rekna eigentleg ikkje med å finna noko ved første forsøk, men Eva Mari er flink og uthaldande. Eg fann ein sånn passe pynta kjole i gråbeige med lange armar og eit slags blondestoff over eit trikotstoff, og bestemte meg for at det godt kunne vera bryllaupskjolen, men så gjekk me innom endå ein butikk og der fann eg ein fotsid kongeblå kjole med tyll og det heile, og med nesten bare armar. Eg prøvde han litt under tvil, men lot meg overbevisa sjølv om eg sa at eg ikkje var heilt sikker på om eg ville føla meg vel i den typen festkjole. Det merkelege er at mor faktisk har kjøpt ein heilt lik kjole i ein annan butikk i ein annan del av landet bare det at hennar er lilla. Slikt ser me stort på. Nå kan me nesten likna på gudmor-feane i forskjellige tyllnyansane i Disneyvarianten av Tornerose.

Sminke er heller ikkje heilt mi greie. Eit raskt drag med ein lebestift om morgonen og så litt mascara, som eg i følge døtrene mine, som vel er dei einaste som vågar å seia i frå, seier at eg sjeldan treffer bare augnevippene med… Eg innrømmer det, eg er godt over femti år og har framleis ikkje lært å sminka meg. I det siste har lebestiften min vore i den forfatning at han helst må påførast med tannpirkar eller q-tips, så eg innsåg at eg trong ein ny. Dette ordna eg i full fart i ein kjedebutikk der dei sel klær ein gong i sist veke, men eg følte at eg hadde bomma litt på fargen.

Då Ingrid hadde eit ærend på eit litt meir «skikkeleg» parfymeri, sa ho at eg kanskje kunne be om hjelp til å kjøpa den lebestiften eg kikka etter. Ei myndig og moderleg dame granska meg, og dypte eit par prøvestifter i sprit slik at eg kunne prøva dei på munnen. Eg prøvde den eine og fekk kommentaren. «Jeg ser at du ikke er så nøye når du tar på lebestift. Kom bort til speilet litt.» Ho overtok den burgunderraude sminkestifta og viste at eg måtte vera nøye med å la amorbuen koma fram og at eg måtte bruka meir tid. Eg sa at eg trong ein vannfast mascara og. Ho fant først den dyraste, men eg sa at over 300 kroner var litt i overkant for meg. Då fann ho ein litt billigare og sa at denne kom til å få meg til å sjå ut som eg hadde falske augnevipper. Eg sa at eg ikkje var heilt sikker på om det var det eg ville oppnå, men det vart det ikkje respondert på. Så sa ho at eg måtte bruka lang tid og vera nøye og grundig for å få eit fint resultat. Eg spurte Ingrid etterpå om det var så innlysande at eg var typen som ikkje kunne leggja på augnesminke. Den eldste dotter mi svarte tørt at ho såg vel spora etter morgonens innsats…

Då eg skulle betala spurde den gode hjelparen min meg om eg hadde kundekort i den gjeldande parfymerikjeden. Eg svarte nei og fekk fylgjande kommentar: «Du er kanskje ikkje så interessert i å få et heller?» Eg bekrefta utsagnet, det var eg i grunnen ikkje så interessert i. Eg smilte og takka for hjelpa og ho smilte og ynskte oss lukka til med bryllaupet. Korleis ho visste at me skulle ha bryllaup var eg i utgangspunktet ikkje sikker på, kanskje ho har overhøyrt noko eg og Ingrid ikkje hugsa at me hadde sagt? Då skulle eg vel vera godt hjulpen, men dagen etter då eg stod og skulle handla inn pynt til marsipankake og gelantin til kokosbollekake fekk eg telefon om at døtrene mine venta på meg i sminkeavdelinga i andre etasje. Der vart eg utstyrt med foundation, solpudder, rouge, øyenskygge, vippetong og små børster i ulike fasongar.

Nå skulle eg vera klar for extreme makeover, som det heiter så fint på fjernsynet. I dag var me på handletur i sommervakre Stavanger. Sunniva kjøpte seg brylaupssko, og eg skulle ha ein eller annan variant av det som for meg heiter selskapsveske. Nå har eg lært at clutch er noko meir enn ein pedal på bilen. Det vart nå ei lita sirkelrund lærveske som eg kan bruka til andre ting og. Eg kjende at eg var ikkje klar for clutchar til firsifra beløp, der ein plass går grensa. Nå skal eg konsentrera meg om ting eg kan. Både tale, salme til kyrkja og to songar er skrivne. Pynting av bord burde og gå greit, og kakepynting har eg alltid likt. Eg ser ein viss fare i at eg kan koma til å sjå ut som ein fireåring som har vore i mor sitt sminkeskrin, men det får stå sin prøve. Det er slett ikkje sikkert at eg kjem til å bruka alle dei nyinnkjøpte remediene. Eg ler, og det er ikkje så verst å kunna mora seg… image Nå er spørsmålet ope om kva potensiale ho som eig dette ansiktet har når bare sminke og fine klede får gjera sitt… Det er aldri godt å vita. Eg er litt engsteleg for at døtrene mine skal brekka anklane i skoa dei skal gå med, men det er viss ikkje eit problem… Klokka halv eitt på laurdag så brakar det laus. Inntil då skal me kosa oss med å utføra dei siste detaljane og gjera oss klare til å ta i mot gjester. Og eg veit ikkje om eg nemnde det i dette innlegget og, men sommaren er akkurat nå…

Heidi

From → Barna mine, sommar

3 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Eg heier på både brura og mora😄

  2. Det er bra. Nå kjem resten av innlegget 🙂

  3. Veldig kjekt å lesa – sjølv om eg ikkje kan relatera meg til innhaldet denne gongen. Brura si mor kjem eg aldri til å bli. Hugs at me må få følgja med på korleis det gjekk, med bilete i tillegg til tekst! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: