Skip to content

Om å gjera i stand til eit bryllaup

juli 7, 2015

19455488572_7e78a39cb7_o

Det å ordna i stand til eit bryllaup er organisasjonskunst og samarbeidskunst på eit høgt plan. Ein legg nøye regi på eit arrangement, og tenkjer gjennom alt som skal skje. Det er samarbeidsmøte og samver på mange ulike plan. Eg trur at sjølve prosessen rundt det heile gjer noko med ein på same måten som sjølve vielsen og bryllaupsfesten gjer noko med ein. I denne fine kyrkja var det altså at eldstejenta vår skulle gifta seg, og ein del av førebuingane foregjekk faktisk inne i kyrkja.

image

Her øver far og dotter seg på å gå saman mot altaret. Mobiltelefonar er greie å ha når ein treng ein bruremarsj å gå etter.

image

image

Og her er det brura og forlovarane hennar som syng gjennom salmane, til mobiltelefonakkompagnement det og.
Ingrid er ei dame som likar å ha gått gjennom ting på føreahand, så eg fekk til og med utøva prestedraumen min med å leikevia dei med både vigselstilsagn og forbøn.

Dei siste dagane var det mykje som skulle ordnast. På eit kurs for lenge sidan høyrde eg ordet copingkompetanse. Det vil seia evna til å stå i situasjonar som ikkje blir heilt som ein hadde tenkt utan å mista hovudet eller la seg vippa av pinnen. Det å ha stått i mange år i ulike klasserom medan svært mykje uventa skjer, hjelper truleg på å utvikla akkurat denne typen kompetanse. Det kunne koma vel med, for plutseleg skjedde det mange rare ting i huset me i grunnen ikkje hadde rekna med. Leif sin hard-disk klappa saman med diverse bryllaupsførebuingar og bilete som heldigvis stod til å redda. Fem dagar før slutta steikjeomnen å virka, men planane om kor eg skulle steikja kaker til festen kunne skrinleggjast då ein reparatør frå ikea klarte å reparera det i løpet av torsdagen. Medan eg stod og piska eggekviter og sukker til ein slags marengs slutta mixmasteren å virka, og fredag morgon vart eg plutseleg våt på beina då eg stod og pynta marsipankake. Det viste seg at oppvaskemaskinen, som var stappfull av skitne ting hadde begynt å lekka vatn. Odd Christian og Leif reagerte lynraskt og i løpet av dagen stod det ein ny oppvaskmaskin der og putra og jobba. Det vil visa seg om kjøkkengolvet har fått varig vannskade eller om det kjem til å tørka opp… I alle fall var det ein litt uventa opptakt til ein travel dag som skulle enda opp i mange gjestar til kveldsmat og ein gjeng overnattingsgjester, men i dei store samanhangane er det ein bagatell. Til og med Odd Christian si fortann som gjekk av på midten få dagar før, vart fiksa til bryllaupet slik at han og kunne smila frimodig på dei obligatoriske familiebileta…

image

Marsipankaka kom eg i mål med sjølv om eg vart våt på føtene. Etter at brudeparet var trykt godt ned i marsipanen, kom eg til å tenkja på at figuren måtte av att for at eg skulle kunna få kaka inn i plastboks til neste dag. Derfor måtte eg fotografera ho før ho eventuelt vart øydelagd. Heldigvis overlevde ho.

image

På fredagskvelden henta me mange bøtter med kvite blomar bestilde frå blomsterbutikken. Me måtte og smugkikka litt på brudebuketten som Inger Louise, syster til Kirsten hadde laga. Han vart heilt nydeleg.
Så var tida komen for at May Brit, Ingrid og meg sette kvite blomar i førti små vasar medan Oddvar henta eføyen som skulle vera midt på bordet. Med god hjelp frå dei på hotellet, så vart lokalet veldig fint. Ingrid laga og store kvite bukettar til kyrkja og til selskapslokala. Det er veldig koseleg å få lov til å vera med på å gjera alt klart.

image

Sjølv om den blivande brura var kjempesliten, så såg ho det nødvendig å gje mor si eit sminkekurs. Med teikna kart over ansiktet, penselstrok av rett farge på rett stad og ei lang liste der prosessen vart skriven ned punkt for punkt, så fekk eg ansvaret for å fiksa det sjølv på bryllaupsdagen. Sminken vart så lagt på steg for steg framfor spegelen på badet, og eg kan faktisk bevitna at ho er ein flink pedagog. Sjølv vart eg forvandla til ein fnisande tenåring under kurset, men visst fekk eg lært litt. Eg forstår kor mykje tid eg må ha spart på å ha teke lettvint på korleis eit ansikt bør preparerast. Men kva gjer ein ikkje når det gjeld å bli klar for å gifta vekk ungane sine. Eg fekk forresten eit overraskande besøk av Kari på fredagen. Ho hadde sett lebestiften som måtte pirkast fram med tannpirkar under personalrevyen og i tilleg lede bloggen min. Nå kom ho på besøk med fin presang direkte frå USA med lebestift og lipgloss. Kor skal eg ikkje kunna representera frå nå av? 😉

image

image

Og neste dag bar det til og med til frisøren. Det var behageleg å bruka ein times tid i frisørstolen medan resten av familien jobba med å koma i mål.

image

image

Og så var i alle fall mor klar. Eigentleg ikkje meir klar enn at Halvard oppdaga at prislappen hang nokså synleg dinglande frå det nyinnkjøpte sjalet då me sat trygt i kyrkjebenken. Min erfaring med alle store arrangement er at når ein trur ein har tenkt på alt, så har ein ikkje gjort det likevel. Men det gjer ingenting… Det er min andre veldig nyttige livserfaring etter å ha arrangert diverse store forestillingar og i tillegg ein del barnedåpar, konfirmasjonar og barneselskap. Som Arne Garborg klokeleg seier det. Alt ordnar seg dersom ein ikkje kjem i uorden sjølv.

Sidan eg aldri klarer å fatta meg kort, så får eg kanskje røpa på dette tidspunktet at bryllaupet vart veldig fint og at brureparet var strålande fornøgde. Dei hadde lagt ned ein kjempeinnsats. Eg skriv meir om dette seinare.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: