Gå til innhald

Ta heller med deg hjartet ditt

august 24, 2015

image

Det er det diktsamlinga vår kjem til å heita. Eg tenkte fram og tilbake og fram igjen, og plutseleg visste eg bare at det var slik det måtte vera. Denne helga har me brukt mykje tid på å plukka ut foto som skal få spela mot dikta, og nå i dag har me hatt møte med flinke Linda på «Tryll design» som gjorde så god jobb for oss sist me laga bok. Ho skal hjelpa oss med lay-outen, og eg gleder meg veldig til å sjå korleis det blir.

Tittelen på boka spelar på alt det me skal klara, få til, prestera og gjera. Kanskje spesielt me flinke jenter. Me skal «bera med oss» eit perfekt ytre, eit fint og velstelt hus, ein flott CV, ein vellukka jobb, dei politisk korrekte meiningane om det meste og visa at me er på høgda og ikkje sakkar akterut. Då har eg lyst til å seia «Ta heller med deg hjartet ditt»… Det er kanskje det som er mangelvare slik samfunnet vårt ser ut i dag. Alt treng ikkje vera så fint og flott og vellukka alltid, men me treng alltid å bli møtte med vennlegheit, romslegheit, varme omsorg og nestekjærleik. Det er truleg det finaste me kan gje andre menneske og, og faktisk trur eg me treng å bli minde på det.  Me må våga å vera der for kvarandre.  Det same tenkjer eg om alle dei vanskelege tinga me skal ta stilling til. Me kan tenkja at samfunnet er så stort og komplisert at det ikkje gjer nokon forskjell kva me trur og meiner eller kva me faktisk gjer. Eg veit at eg kan anklagast for eit naivt og forenkla syn på livet, likevel vågar eg å oppfordra oss alle til å bruka hjartet i møte med alle einskildmenneske. Korleis ville me sjølv lika å bli møtte i deira situasjon? Korleis ville me lika at barna våre vart møtte dersom livet butta i mot på den eine eller andre måten? Det går ikkje an å leggja strategiar for alle handlingar me kan koma ut for, men det går an å bera med seg hjartet sitt og bruka det. Dette vart min lett forenkla, men likevel ganske oppriktig meinte vesle tale denne mandagen seint i august… Eg trur eg har trykt dette diktet før i ein tidlegare versjon, men nå tek eg det med slik det truleg kjem til å vera i den nye diktsamlinga:

 

TA HELLER MED DEG HJARTET DITT

 

 

Pakk livet ditt rundt deg,

gå ut og ver ein forskjell.

 

Opna dørene mot byen,

slå gjerne krossmerket

på panna di og på brystet ditt.

 

Legg navlen og nasetippen

forsiktig til sides.

 

Ta heller med deg hjartet ditt

det såre og det varme,

ikkje tenk for mykje,

bare ta det med.

 

Tenn gjerne eit lys

for alt du ikkje har ord for,

og for alt du aldri sa.

 

Ta gjerne på deg ullsokkane

dei kan koma godt med.

Heidi

image

 

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: